Veggane på forsamlingshuset Øvertun i Øverbygda i Sør-Fron er fulle av diplom, prisar og gamle bilde. Tradisjonen er som spikra i furupanelet. I ein ring på golvet sit 7 ungdomar med kvar si fele og gløttar opp på læremeisteren sin. Sør-Fron juniorspelemannslag har øving.

– De må strekke på fingra, elles blir det takras, dette her. Detta er handarbeid, formanar Erik Bjørke elevane sine. Bjørke har vore ei av dei store drivkreftene i spelemannslaget i mange år, og er det framleis. Kvar onsdag har han 10 unge spelemenn under si kyndige vegleiing. Denne kvelden er det stoff til sommarens landskappleik det terpast på. Anne Grete Holen er leiar for juniorspelemennene, og skryt av dei unge.

  – Desse har vunne juniorklassa i landskappleiken tre år på rad. Og det er her på Øvertun grunnlaget blir lagt, seier ho. Øvertun har vore fast tilhaldstad for spelemannslaget i ein mannsalder.
 

”Vinn vi ikkje kappleiken nå, da … .”   Eline Skar, spelemann


  – Vi har vore her sidan i 1974, så det har vorte øvingar nesten kvar veke i 36 år, seier Bjørke, som også er godt nøgd med elvane sine.

– Vi er veldig godt nøgde med juniorspelemannslaget. Dei er verkeleg bra vorte. Og det er ein føresetnad å ha ein slik møteplass som Øvertun. Men det må øvast heime òg – så nå blir det heimelekse, seier han, vendt til elevane.

Erik tryllar ein ny leik ut frå ermet, og juniorane kastar seg utpå.

– ’En bli hengjan, akkurat sist på, seier Erik og klør seg i bakhovudet.

– E ’n sirevva, meine du? kjem det kontant frå ei av jentene.

Øvertun_Foto_Bjørn_Sletten
Bak døra på forsamlingshuset Øvertun øver ti unge spelemenn kvar onsdag. Foto | Bjørn Sletten

Eit veldig bra miljø

Eline Skar og Torje Bjørke tek ei pause, mens dei andre stemmer fela. Dei er einige om kva som gjer at dei kjem att, veke etter veke.

– Det er det spesielle folkemusikkmiljøet som gjer dette så artig, og ikkje minst den responsen vi får når vi er ute og spelar, seier Torje.

– Og så er det noko som ikkje alle driv med, skyt Eline inn. Å vera spelemann er noko særskilt, også i våre dagar.

Erik Bjørke fortel at dei unge spelemennene er hauga på å vera med på kappleik, og at dei alltid har som mål å gjera det best mogleg. Men det er òg viktig å møte likesinna.
 

”Konkurranseinstinktet er der."    Torje Bjørke, spelemann

 

– Alle har felles interesse. Vi likar å spele, og likar å danse. Det er morosamt å møte forskjellige folk frå heile landet, seier Torje.

– Men konkurranseinstinktet er på plass?

– Jo da, konkurranseinstinktet er der, smilar han.

Og Eline følgjer opp i reinaste Northug-stil:

– Ja, vinn vi ikkje kappleiken nå, da …

 

Gamle bilder_Foto_Bjørn_Sletten
På veggen på Øvertun heng blant anna kulturprisen spelemannslaget fekk i 1989, og bilde av juniorspelemannslaget frå den gongen. Foto | Bjørn Sletten

Erik har mye av æra

Mye av forsen til laget ligg i den unike tilgangen på stoff dei har gjennom Erik sitt mangeårige arbeid med folkemusikkarkivet for Sør-Gudbrandsdalen. Dei går ikkje tom for ”nye” leikar med det fyrste. Juniorspelemennene er ikkje i tvil om at Erik skal ha mye av æra for at spelemannslaget gjer det så bra på kappleikar – og har det så morosamt på øving.

– Det er så artig å ha øving med Erik. Det er mye humor, men også alvor. Eg trur det har mye å seie for at vi lærar ting så fort og så godt, seier Torje.

Det hender det blir gjort feil. Men øving gjer meister.

– Alle gjer feil. Her på øvingane berre skrattar vi av det. Når det blir meir alvor snakkar vi med kvarandre om det. Det kan ein gjere, når ein har eit slikt godt miljø som vi har her, seier Eline.

Kaffipausa er over. Stolane skrapar mot golvet der mang ein fot har trakka både takt og dansesteg. Spelemennene dreg fram att kvar si fele, plukkar på strengene og vrir stemmeskruvane varsamt. Vi snik oss forsiktig ut att, og får følgje ut i vinterkvelden av det varme, gule ljoset, og dei tradisjonsrike tonane frå Øvertun.


Bjørn Sletten, journalist i Dølen

Artikkelen stod på trykk i lokalavisa Dølen 4. mars 2010.