- Vossingen Leif Rygg er godt kjent for publikum i Hardanger, skriv Hardanger Folkemuseum på sine heimesider.

- Alt som 9-åring starta han å spela hardingfele. Dei første læremeistarane var Lars Skjervheim og Sigbjørn Bernhoft Osa frå Voss og Anders Kjerland frå Hardanger. Han har heile tida lagt vekt på tradisjonelt spel samstundes som han har utvikla sin personlege spelestil.

Leif Rygg har vunnet Landskappleiken i spel på hardingfele heile fem ganger, sist i 1999.Han starta musikkforlaget Spelarhaugen Folkemusikk på Voss, og har gjeve ut fleire CDar.

Leif Rygg har også vore fylkesmusikar, og har mellom anna spelt i trioen "Slåttetrioen" saman med Knut Hamre og Håkon Høgemo. Han er ein engasjert pedagog og eit aktivt medlem i styret for Ole Bull Akademiet.

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Interesserte kan gå vidare til heimesidene til Hardanger Folkemuseum på denne sida. Du kan og lese meir om Hardanger folkemusikksamling ved å trykke her.