Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skrindo, Knut

Knut_Skrindo

Bukkehornspelar og dansar

Blant dei få i landet som speler bukkehorn. Har spelt bukkehorn sidan han var 14 år, og har etterkvart utvikla ein særeigen spelestil og klang på horna sine. Musikken spenner frå gjeter- og bornemelodiar til danseslåttar og salmetonar. Horna han speler på lagar han sjølv. I tillegg til bukkehorn spelar han andre eldre folkemusikkinstrument, særleg seljefløyte. Dessutan er han ein habil dansar. Vanlegvis dansar han laushalling og springar frå Hallingdal, men også annan norsk folkedans. Han er scenevant, idet han har opptrådt i ulike samanhenger sidan 7-årsalderen. På scena er han roleg og stødig, men også impulsivt kreativt når det trengst.

 

Konsertreferansar


Har delteke på ein rekkje konsertar både i inn- og utland. Konsertane varierer i type frå små private selskap til større, offisielle samanhenger, som for eksempel opninga av Haustutstillinga 99, Oslo


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk