Det går ei bein line frå landets fyrste kappleik i bø i 1888 til landets fyrste sjokoladekappleik i Bø i 1998. Folkemusikken krev nye overføringsformer og nye rekrutteringsarenaer til ei kvar tid.

På Sjokoladekappleiken møter born og foreldre ein mildare form for kappleik enn den vi er vane med. Her er det bare vinnarar. Kappestriden er lagt vekk. Borna opplever glede gjennom eiga framføring, og gjennom kvalifiserte å positive råd får dei lyst til å øve vidare.

I Telemark har Sjokoladekappleiken blitt både deltakar- og publikumsmagnet.
Sjokoladekappleiken som juniorane i Bø starta opp i 1998, er i dag blitt så populær at FolkOrg rår lokallaga over heile landet til å innføre slik kappleik. Her i fylket har ein frå starten av halde Sjokoladekappleik fast to gonger i året, seinhaustes i Bø og i Seljord på vårparten. Den årlege sjokoladekappleiken med den uhøgtidlege scena med raus døming og søte premiar har blitt ein nasjonal suksess.

Bø Juniorspelemanslag med sine 23 år bak seg har som målsetjing å skaffe born/unge hardingfeleopplæring i vid tyding, syte for at dei får tilgang til både tradisjonelle og meir nye eksperimentelle og sjangersprengjande utøvande miljø og arenaer. Johannes Sundsvalen er hardingfelelærar i Bø musikkskule og har ansvaret for den musikalske leiinga av laget.

I fjor fekk han og hjelp av Ottar Kåsa, til å dele på opplæringa. Medlemmer i laget får tilbod om opplæring og øving i samspel og dansespel, scene- og konsertframføring, og innføring i den omfattande hardingfelehistorien som framleis er levande i Bø. Fleire unge A-klassingar på hardingfele og dans frå Bø har tidlegare vore aktive medlemmer i laget.

I tillegg til diplom og sjokolade til alle blir det også i år delt ut inspirasjonsprisar. Ein er til minne om Heidi Løvlund, som tok initiativet til Bø juniorspelemanslag for 23 år sidan, og ein til minne om Anund Roheim, som var ein av initiativtakarene til den fyrste Sjokoladekappleiken i Bø i 1998.

Og så vankar det som vanleg CD med folkemusikk som inspirasjonspris til alle som vågar seg frampå scena åleine.

Påmelding frå kl. 12, start kl. 13

Meir info: Leiar: Jan Arild Amundsen, Tlf. 35952064 / 90624826, E-post: jaam@broadpark.no