Gjennom konsertforestillinga og CD-en Taus presenterar spellemannsprisvinnar (i klassen Folkemusikk i 2007) Sigrid Moldestad dei gløymde historiene om kvinnene i folkemusikken. Plata inneheld friske tolkningar av den tradisjonelle musikken samt nyskrivne songar og låtar av Moldestad, bl.a sangen “Samuline”, som har markert seg som ein radiohit og som i VG ble omtalt som ”en av årets sterkeste låtopplevelser.”

-Eg håpar at TAUS også kan minne oss på at det stadig fins stadar i verda der det ikkje sømer seg for kvinner å utfalde seg, fortel Sigrid Moldestad.

For 300 år sidan braut nokre kvinner i forblåste vestlandsbygder i Nordfjord og Sunnmøre ut av kvardagen og skapte eit unikt musikkmiljø. Og dette miljøet av friske spelekvinner vart møtt med begeistring og respekt i bygdene. Dei ville spele. Måtte spele. Musikken skulle fylle varme, dampande danselokale, feletonane skulle ljome fritt ut, fylle rommet og ramme menneska midt i hjartet. Og dei spelte. Dei gifta seg. Fekk barn. Og spelte. Fekk fleire barn. Og spelte. Til pietismen og det fargelause trongsynet ein dag klarte å gjere tausene tause.

200 år seinere veks Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord opp med Honndalstausene, ein gjeng damer som spelar fele. Felene er tilbake i kvinnehender i Nordfjord, og Sigrid høyrer stadig om Samuline Seljeset og andre kvinner som ein gong for lenge sidan forlot jordene heime, sette seg på hesten og dro på spelferder.

TAUS handlar om livfulle damer som ikkje let seg stoppe, som let musikken få plass i ein kvardag som forøvrig var prega av arbeid og plikter, naud og
armod. Det handlar om mørke menn og makter som såg ein trussel i
instrumentet, musikken og livsbegjæret.
Det handlar om tauser som etterkvart vart tause.

Medverkande på plata
Sigrid Moldestad: Fele, hardingfele, song.
Sigbjørn Apeland: Trøorgel
Anders Hall: Bratsj, fele, hardingfele
Jørgen Sandvik: Gitar, banjo, mandolin

Plateomtale er henta frå www.grappa.no