Sigrid Terese Moldestad frå Breim er ein av våre aller fremste folkemusikkformidlarar. Ho er ein glitrande felespellar med  både fele og hardingfele som hovudinstrument, men er også ein eminent songar som ”syng med eit intenst nærvær og gjev kvar konsert eit unikt og personleg preg”.
 
Sigrid Moldestad er fødd i 1972 og har bakgrunn frå spellmannsmiljøet i Nordfjord, der ho m.a. har hatt John Oddvar Kandal som lærar og inspirator. Ho har utdanning frå Ole Bull Akademiet.
 
I dei siste åra har ho markert seg sterkt som soloartist. Ikkje  minst gjennom konsertforestillinga “TAUS”, skrive av Sigrid sjølv. ”Taus” hadde premiere våren 2007. Den handla om dei uvanlig mange kvinnelege spellmennene frå hennes heimetrakter ca. 150 år tilbake i tid. Forestillinga resulterte i glitrande kritikkar, plate-  og Spellemannsprisen i klassen for folkemusikk.
 
Våren 2010 kom så plata Sandkorn. Ei plate med fleire eigne songar, nynorske gjendiktiningar av Robert Burns og tekstar av Jakob Sande. Med eit uttrykk som blandar den vestlandske dåmen med viser, folk, country og blues tok Sigrid steget litt tilsides for det heilt tradisjonelle og laga ei personlig plate saman med eit kremlag av musikarar. For denne plata vart ho tildelt Folkelarmprisen som Årets folkemusikar. 
 
8. mars 2012 gav ho ut plata Himlen har sove bort mørkret. Her følgde ho sjangermessig opp den førre plata som komponist, musikar og songar til gode kritikkar.
 
Sigrid er med i fleire grupper. Saman med Liv Merete Kroken utgjer ho duoen Spindel, og i trioen Gamaltnymalt, som fekk Spelemannsprisen i 2005, spelar ho saman med  Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes. Saman med Liv Merete Kroken og Unni Løvlid utgjer ho folkemusikk- og kabarettrioen Fjøgl. Ho har også vori songsolist på oppsettinger med Breimskoret, m.a. som Édith Piaf og har også forestillingar saman med Linda Eide.
 
Gjennom platene sine og aktiv konsertverksemd er det stadig fleire som oppdagar Sigrid Moldestad, også utanfor folkemusikkmiljøet. Ho er ein eineståande formidlar og rører dei fleste med si eiga ”Vise til far”.
 
Sigrid Terese Moldestad er ein flott og verdig vinnar av Hilmarprisen 2012.
 
Hilmarprisen blir delt ut i minnet til storspelmannen Hilmar Alexandersen (1903-1993) under spellmannsmønstringa på Hilmarfestivalen fredag 9. november 2012 i Dampsaga Kulturhus på Steinkjer.
 
Desse har tidlegare mottatt prisen: 
 
  •     Susanne Lundeng: 1991
  •     Knut Hamre: 1992
  •     Leif Inge Skjølberg: 1993
  •     Hans Brimi: 1995
  •     Sven Nyhus: 1997
  •     Petter Andreas Røstads kvartett: 2003
  •     Geir Egil Larsen: 2004
  •     Majorstuen:  2005
  •     Annbjørg Lien: 2006
  •     Knut Buen:  2007
  •     Gunnar Stubseid: 2008
  •     Martin Myhr: 2009
  •     Kirsten Bråten Berg: 2010
  •     Einar Olav Larsen: 2011

Her kan du gå vidare til heimesidene til Hilmarfestivalen. Dei har og si eiga side på Facebook, som du finn på denne lenken.