Prosjektet er eit samarbeid mellom kunstnarane sjølve, Jørn Hilme-stemnet og Riksscenen, og det er første gongen Riksscenen har inngått eit slikt samarbeid med ein festival om ei større framsyning.

Musikken er bygd på eit tingingsverk slagverkensemblet Sisu og Øyonn Groven Myhren laga til Telemarkfestivalen i 2009. Musikken er no vidareutvikla, og dansarane Silje Onstad Hålien og Sigbjørn Rua har samarbeida med koreograf Indra Lorentzen om dansen.

Den spennande nyutviklinga har førpremiere på Riksscenen på sjølvaste 17. mai - dette er altså årets 17. maimatiné for heile Oslos befolkning, før den offisielle premiera er på Jørn Hilme-stemnet fredag 29. juli.

Sjå prøvesmak frå øvinga på Youtube:
 

  • Tid: Tirsdag 17. mai, kl. 14.00
  • Sted: Riksscenen, Schous kulturbryggeri
  • Regi/koreografi: Indra Lorentzen
  • Musikk/Manus: Øyonn Groven Myhren
  • Dansarar: Silje Onstad Hålien og Sigbjørn Rua
  • Musikarar: Slagverksensemble SISU og Øyonn Groven Myhren

Samarbeidspartnarar: Slagverkgruppa SISU, Jørn Hilme-stemnet, Riksscenen. Priosjektet er støtta av Norsk Kulturråd, Fond for Utøvende Kunstnere, Folkemusikk i fortid og nåtid.

Interesserte kan tinge billetter på www.riksscenen.no, eller kjøpe på døra. Vi vil samstundes gjerne anbefale eit besøk til www.hilme.no, som er den nye, felles heimesida for folkemusikk i Valdres.