Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Sidan Adam var liten ...

Ragnhild

Sidan Adam var liten...
...har det også hendt noko med folkemusikken. Dei vare, mjuke og dei frodige visene til Eva er like aktuelle nå som då, sjølv i ny drakt. Sidan Adam var liten er ein særprega folkemusikkonsert der kvedaren Ragnhild Furholt og cellisten Helene Waage står for dei nyskapande arrangementa. Celloen er kanskje det instrumentet som ligg nærast menneskestemma i uttrykk, og her får Ragnhild si varme særmerkte røyst smelte saman med Helene sin barokkcello med tarmstrengar. Dette gir ein mjuk, litt nasal klang som minner om hardingfela. Repertoaret spenner frå det vare og sakrale til fargerike viser og slåttetralling. Med dette samspelet ønskjer duoen å føre tilhøyrarane inn i ei ny og lokkande toneverd.
Duoen tar imot ymse oppdrag, både konsertar og musikalske innslag. Repertoaret kan om ønskjeleg tilpassast ulike høve.

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk