Fredag blir det kurs i spel, dans, kveding og munnharpe. Det er kjende namn som pryder instruktørlista. På spel - Gunnar Stubseid, dans - Marit Bergland Rysstad og Jon Rysstad. Kim Andre Rysstad og Sigrid Jore har med seg nokre til for å har kurs i kveding, mens Sigurd Brokke har munnharpekurset i år.
Seinare på dagen er det klart for seminar om Rammeslåttane frå Setesdal. Det blir fleire foredrag ved Hallvard Bjørgum, Gunnar Stubseid, Torgrim Titlestad og Morten Levy, i tillegg vises det ein dokumentarfilm laga av Ulf Myvold.
Om kvelden blir det også ein flott konsert med dei kjende folkemusikarane Ingebjørg Bratland og Daniel Sandén-Warg på Hylestad soknehus.
Laurdag blir det tradisjonell kappleik, og kl. 17 er det klart for ei gratis familieframsyning. Om kvelden blir konsert med "Sæbyggjan" og lokale gjesteartister også på Hylestad soknehus.
Premieutdeling med dans og gaman til seine kveld blir det òg. Leiar i Setesdal spelemannslag Astri Rysstad ønsker hjarteleg velkommen til Setesdal denne helga.
Folkemusikk.no ynskjer arrangørar, publikummarar og detakarar lukke til!
Her kan du se heile brosjyra med detaljert program og informasjon om helga