Kvar sundag fram til 14. desember inviterer arrangør Asgaut Bakken til konsertserien «Sølvsuper». Konseptet er enkelt. Publikum samlast rundt radioen kl. 18.03 for å høyre på NRK Folkemusikktimen. Etterpå vert det solokonsert med tradisjonell folkemusikk. Staden er Kulturhuset sentralt plassert på Youngstorget i Oslo. 

Bakken fortel at ideen oppstod saman med folka på Kulturhuset i Oslo, som var svært positive.

- Det starta med at eg var innom på Kulturhuset, og dei lurte på om me skulle få til noko i lag. Eg har lenge grubla på å lage ein ny serie med heilt tradisjonelle solokonsertar, og då var dette eit glimrande høve. 

- Så eg sat meg ned og laga lister med utøvarar som eg ville spørje. Då oppdaga eg at det er ein vanvittig skog av utøvarar å ta av. Og nivået er skyhøgt. Det er folk på den lista sjølv eg ikkje tør å spørje, ler han. 

- Det endte sølvsagt med at eg spurde alt for mange. Men det kjem ein vårsesong òg. Då skal eg få plass til fleire. Men det var tydeleg at eg traff eit eller anna, for alle var veldig positive til å kome. Det må vere den enklaste bookinga nokon sinne. 

"Soloutøvinga er grunnsteinen i norsk folkemusikk. Det er grunnlaget og utgangspunktet for alt det andre me gjer."
 

Asgaut Bakken - Foto - Eivind Kaasin 02.jpg
Foto: Eivind Kaasin

Utgangspunktet for konsertserien er soloutvørar innan norsk folkemusikk, som Bakken meiner er det beste me har. 

- Personleg meiner eg solo folkemusikk er den beste musikken me har å by på. Og i mine øyre så let det betre enn dei aller fleste gruppene no til dags. 

- For me må ikkje gløyme at me er verdas beste på soloutøving av folkemusikk. Soloutøvinga er grunnsteinen i norsk folkemusikk. Det er grunnlaget og utgangspunktet for alt det andre me gjer. 

- Ofte er det samspelprosjekt som er prioritert, og solokonsertar er ikkje noko så mange utøvarar gjer mykje av. I alle fall ikkje på Youngstorget, ler han. Det vil eg gjere noko med.

- Og så er det enkelt å berre ha med solistar å gjere. Du slepp mykje logistikk og styr. Det er berre éin og éin. 

Haustens program er mangfaldig. Her finn ein toppnamn innan mellom anna fele, hardingfele, toradar, munnharpe og vokal.

- Eg har forsøkt å lage ein serie med stor breidde både med tanke på instrument, uttrykk, tradisjonar, geografi, kjønn og alder. Ein skal få høyre litt av alt. Uansett, det viktigaste er at folk får oppleve folkemusikk av høg kvalitet. 

- Men når eg ser på programmet er det oppsiktsvekkjande få utøvarar frå Telemark, til å vere sett opp av ein telemarking. Men det kjem. Eg har mange namn på blokka. 
 

"Sjølvsagt, me må høyre på folkemusikktimen før konsertane!"


Bakken er ein arrangør som likar å gje eit ekstra tilsnitt til arrangementa sine. Sentralt i Sølvsuper-konseptet står ein radio.  

- Kulturhuset er ein utestad med mykje aktivitet, så det var liten vits å peile seg inn på å få laurdagskvelden der. Då eg fekk tildelt sundagskveldane for mine arrangement slo det meg; sjølvsagt, me må høyre på folkemusikktimen før konsertane! Det tvilar eg på nokon har gjort før. Eg veit ikkje eg, men sist gong folk samla seg rundt radioen slik, må ha vore under krigen. 

- Eg har trua på at dette kan bli bra, og me kjem nok til å diskutere sendingane, og gje tilbakemeldingar til NRK, lovar han. 

Asgaut Bakken - Foto - Eivind Kaasin 03_framsida.jpg

Sølvsuper opnar på sundag, og då er det spelemannen Daniel Sandén-Warg som står på scenen. 

- Eg håpar det er ei god kjerne frå folkemusikkmiljøet som møter opp, og eg håpar dei dreg med seg fleire. Mange er jo litt nysgjerrige på folkemusikken, og denne konsertserien er eit ypparleg høve til å bli kjend med norsk folkemusikk på. Kvaliteten på musikken er så høg at ingen kjem til å bli skuffa, lovar Bakken. 


PROGRAM  - hausten 2014


31.aug:  Daniel Sandén-Warg | hardingfele m.m.
07.sep:  Sinikka Langeland | kantele/song
14.sep:  Anders Erik Røine | munnharpe m.m.
21.sep:  Jan Beitohaugen Granli | hardingfele
28.sep:  Gjermund Larsen | fele
05.okt:  Silje Hegg | fløyte
12.okt:   Bjørn Kåre Odde | fele
19.okt:   Susanne Lundeng | fele
26.okt:  Ulf-Arne Johannessen | einradar
02.nov:  Unni Boksasp | song, citter
09.nov:  Marit Karlberg | song
16.nov:  Ottar Kåsa | hardingfele
23.nov:  Tron-Steffen Westberg | fele
30.nov:  Inge Gjevre | torader
07.des:  Thov Wetterhus | munnharpe
14.des:   Ingvill Marit Buen Garnås | song


> Heimesidene til Sølvsuper
> Sølvsuper på Facebook


ASGAUT BAKKEN

  • Kjem frå Vinje, busett i Oslo.
  • Aktuell med konsertserien Superfolk på Kulturhuset og Bakkjens Basar på Riksscenen. 
  • Inititiativtakar og aktiv i konsertforeninga Havresekken. 
  • Tilsett i vikariat som produsent på Riksscenen
  • Tidlegare leiar av arrangørnettverket Den Norske Folkemusikkscena. 
  • Har vore aktiv som medlem i gruppa Blåmann Blåmann.