- På samlinga blir det mykje dans. Vi skal òg ha valfag der deltakarane kan velje mellom song, halling og hardingfele. Det blir filmkveld, quiz og visning av konsertførestillinga "Ve’dunderlæ", fortel Svidal.
Ho og dei andre tilskiparane kan også lokke med god mat. Samlinga er gratis, der ungdommane berre betalar for reisa.
Danseru’ er Bygda dansar sitt prosjekt i Buskerud. Prosjektet går no inn i det siste året sitt, og skal til våren 2012 ha premiere på avslutningsframsyninga si.
- Arbeidet fram mot framsyninga startar i haust, og for ungdomane som vil vere med, er det viktig å møte opp på alle samlingane gjennom skuleåret. Ei liste over alle samlingar finn du på www.bygdadansar.no, avsluttar Svidal.
Slik ser programmet for samlinga ut:
Start: Fredag 16. september kl 18:00
Slutt: Søndag 18. september kl 14:00
Stad: Vestsiden Ungdomsskole, Kongsberg
Adresse: Boecks gate 7
Neste helgsamling vert 21. til 23. oktober på Torpo skule i Torpo.
Interesserte kan finne ut meir om Bygda dansar-prosjektet på denne nettsida. Her kan du óg lese om Trø te Nord-Trøndelag, og det no avslutta prosjektet Lea de Oppland.