Norwegian Tapas vart arrangert for fyrste gong i november 2009, og er eit samarbeid mellom FolkOrg og turnénettverket Toernee Mondial i Belgia. Toernee Mondial består av 20 ulike spelestader/kultursenter i Belgia, som saman organiserar nærare 80 konsertar i året.
- Med Norwegian Tapas ønskjer me å servere folkemusikk til eit belgisk publikum som sjeldan vert eksponert for skandinavisk musikk. Samarbeidet starta i 2008, og er eit resultat av mellom anna bransjetreffet Folkelarm, seier prosjektleiar Trond Stenseth Moe.
I fjor stod Gjermund Larsen trio, Jorun Marie Kvernberg og Bruvoll / Halvorsen på plakaten, og musikarane fekk god mottaking frå det belgiske publikummet.
- Fjorårets turné vart ein stor suksess. Dei fleste konsertane vart utseld og responsen frå publikum var formidabel. Fleire av artistane selde ut alle cd-ane allereie fyrste kvelden.
>> Sjå bilete frå konsertane i 2009 her
ÅRETS FOLKEMUSIKER 2009: Kouame Sereba er ein av musikarane som om nokre veker legg Belgia for sine føtter. Foto | Eivind Kaasin |
Nye artistar på menyen
No skal tre nye folkemusikkartistar presenterast, og på plakaten står Seven Winds, Kouame Sereba og Torgeir Vassvik.
Seven Winds består av Unni Løvlid (vokal), Becaye Aw (gitar og vokal) og Rolf-Erik Nystrøm (saksofoner og vokal). Trioen kom saman i 2008 i samband med eit bestillingsverk for Dei Nynorske Festspela basert på tekstane til lyrikaren Olav H. Hauge. Materialet vart seinare lansert på cd i 2009. Saman har dei spelt over 50 konserter på alt frå klubbar til palass i India, Tanzania, Kina, Korea, Nepal, Sri Lanka og Norge.
Den samiske artisten Torgeir Vassvik tek med seg fullt band til Belgia. Vassvik sin musikk ligg i kryssingspunktet mellom fleire musikalske linjer. Han kombinerer joik og samisk tromme med element frå sibirsk strupesong og naturlydar, og musikken er eit intenst møte mellom tradisjonsmusikk og moderne uttrykksformer. I 2009 gav han ut albumet Sápmi, og plata vart trekt fram i media som verdsmusikk i verdsklasse.
Med til Belgia er også instrumentalisten og vokalisten Kouame Sereba. Han er opphavleg frå Elfenbenskysten, men flytta til Noreg i 1984. Sereba bærer med seg tradisjonen frå landsbyen Tiegba der han budde frå han var 10 år gamal. Kouame Sereba vart kåra til årets folkemusikar i 2009, og gav nyleg ut albumet ”Bako” i lag med Erik Wøllo. På turneen skal han spela solokonsertar.
Funne på Folkelarm
Artistane til årets turné er det leiaren i Toernee Mondial, Roger Bouwens, som har stått for.
- Roger var vore tilstades på Folkelarm dei siste åra, og det er her han har oppdaga artistane til Norwegian Tapas. Det er også han som har vore pådrivaren for turneen. Dette syner at arbeidet mot dei internasjonale delegatane gjev resultat, og at Folkelarm er ein viktig plass for å syne fram folkemusikken i Noreg, avsluttar prosjektleiaren.
Dei neste vekene får desse belgiske byane servert Norwegian Tapas.
22. februar: Dilbeek, Belgia
24. februar: Bornem, Belgia
25. februar: Evergem, Belgia
26. februar: Brussel, Belgia
27. februar: Leopoldsburg, Belgia