Seljordkappleiken satsar stort fredag kveld med ei framsyning dei har kalla Sogekvinner og spelkvinner. Satsinga inneheld også ei fotoutstilling av kvinnelege utøvarar. På bildet ser du Signe Flatin Neset (til venstre) og Torbjørg Aas Gravalid. Dei var veninner og spela mykje saman. Blant anna reiste dei to på konsertturne saman på slutten av 1940-talet.

Konserten "Sogekvinner og spelkvinner"
Kvinner har vore ei viktig inspirasjonskjelde til slåttemusikken opp gjennom tidene. I slåttetradisjonen i Telemark finn ein mange slåttar med kvinnenamn, med soger om kvinner knytt til seg. Ein kan nemne Guro Heddeli, Kivlemøyan og Skuldalsbruri som nokre døme. Dette var sterke og modige kvinner som ikkje var redde for å stå opp for meiningane sine, og kanskje er det nettopp difor dei lever vidare i sogetradisjonen?

Men sjølv om ein finn kvinner i sogene, er kvinner som utøvarar i musikken mindre vanleg om ein går attende i tid. Tidleg på 1900-talet endra likevel dette seg, og fleire kvinner tok fela fatt. I Seljord og Kviteseid var det særleg tre kvinner som utmerka seg: Anne Hoff, Signe Flatin Neset og Torbjørg Aas Gravalid. Desse var alle særs dyktige utøvarar på hardingfela, men stod også ganske aleine i eit svært mannsdominert miljø. Signe Flatin Neset var den fyrste kvinna til å vinne Landskappleiken i 1960. Det skulle ta 45 år før ei kvinne på nytt skulle vinne. Det var i 2005 då Åse Teigland frå Hardanger vann. V

Med denne konserten vil dei heidre kvinnelege pionerar innan folkemusikken som har bana veg for og inspirert nye generasjonar kvinner til å utøve musikk på hardingfele. Det blir også eit innslag med Tårån i Troppin slik Anne Hoff omsette slåtten frå hardingfele til piano. Dei som vil medverke på konserten er mellom anne Anne Hytta, Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Ragnhild Knudsen, Torunn Raftevold Rue, Janne Brudvik Villa, Sara Fjågesund, Hæge Manheim Reidun Øverland og Kivlemøyan.

I tillegg til konserten blir det også ei fotoutstilling med spelkvinner. Arrangørane har samla inn fotografi frå private heimar og arkiv, der det er avbilda kvinner med feler frå tidleg på 1900-talet. Dette er eit spennande materiale, då det på denne tida ikkje var så akseptert som det er i dag at kvinner spela fele. Utstillinga blir sett opp i vestibylen på Granvin.

Seljordkappleiken 2009
Laurdag 19. september blir det kappleik på Granvin Kulturhus i Seljord. Det blir tevling i alle klasser, og arrangørane fortsett sjølvsagt med publikumsdømming av både omspel og omdans! I fjor var ca. 100 publikumarar med og stemte. Dei håpar difor at så mange dansepar og spelemenn som mogleg blir med og konkurrerer om dei gjeve premiane!

Premiane i år er sølvknappar frå gullsmed og kulturprisvinnar i Kviteseid, Aslak Aabø.  I tillegg er det fleire vandrepremiar sponsa av næringslivet i Seljord som er sett opp i ulike klasser. Verdt å nemne spesielt er omdanspokalen som er to dansepar laga av kunstnaren Trygve Barstad.

Både fredags- og laurdagskvelden blir det fantastisk bra dansespel med dyktige spelemenn!