Adr.: |
Vidsynveien 4 N-0585 Oslo |
Tlf1: | (+47) 22 22 43 98 |
Tlf2: | (+47) 924 56 269 |
E-post: | Send e-post |
Web: | Nettside |
Seglem, Karl
Karl Seglem spelar bukkehorn og tenorsaksofon på ein nyskapande og særeigen måte. Han har ein stor og allsidig plateproduksjon bak seg, både som musikar og produsent/direktør i plateselskapet NORCD. Musikken han skapar let seg vanskeleg sette i bås, og omgrepet verdensmusikk blir mykje nytta om Karl Seglems musikk. Han er i dag ein av Noregs fremste representantar innan sjangeren. Han er jazzmusikaren som har latt seg inspirere av norsk folkemusikk og særleg hardingfelemusikken for å skape sitt eige uttrykk. Seglem har spelt saman med spelemannen Håkon Høgemo sidan 1990. Seglem grunnla trioen Utla (1992), leia gruppa Sogn-a-Song (1990-1998) og er med i duoen Isglem (1987). Han har hatt mange tingingsverk og komponert musikk for teater og film. Han har også hatt fleire musikk-litteratur samarbeid m.a. med Kjartan Fløgstad, Jon Fosse og Ragnar Hovland, og debuterte sjølv som poet i 2006. Karl Seglem har turnert og halde konsertar verda over, og har dei seinare åra fått eit stort publikum særleg i Tyskland. Plateselskapet NORCD (1991) har ein katalog på over 85 produksjonar. Karl Seglem har vore produsent for ein rekke av desse, og mange av dei aller fremste utøvarane vi har innan jazz, folkemusikk og verdensmusikk er knytt til selskapet.
Diskografi
Poems for trio (NORCD, 1988)
Rom, m. Isglem (NORCD, 1991)
Sogn-a-Song (NORCD, 1991)
Utla (NORCD, 1992)
To steg, m. Isglem (NORCD, 1992)
Juv, med Utla (NORCD, 1993)
Rit (NORCD, 1994)
Brodd, med Utla (NORCD, 1995)
Null G med Isglem (NORCD, 1996)
Prosa, m. Jon Fosse (NORCD, 1996)
Tya, m.Reidar Skår (NORCD, 1997)
Spir (NORCD, 1998)
Dans, m. Utla (NORCD, 1999)
Daa (NORCD, 2000)
Nye Nord (NORCD, 2002)
New North, samleCD/compilation (NORCD/Ozella Music, 2003)
Song, m. Utla (NORCD, 2003)
Fire, m. Isglem (NORCD, 2003)
Femstein (NORCD/Long Distance, 2004)
Reik (Ozella Music 2005)
Budda og reven, singel/promo (NORCD, 2005)
Fossil, singel/promo (NORCD, 2006)
Dikt, m. Jon Fosse (NORCD, 2006)
Prosa og Dikt, 2 CD box m. Jon Fosse (NORCD2006)
Urbs (NORCD/Ozella Music, 2007)
Spelferd - a playful journey, DVD (NORCD2008)
Draumkvedet, m. Opheim Versto (NORCD 2009)
NORSKjazz.no, (NORCD/Ozella Music, 2009)
Bøker
Stilla er ein åker, Dikt (Det Norske Samlaget, 2006)
Priser
Årdal kommunes kulturpris
Edvardprisen for Tya (1998)
Rolf Gammelengprisen (1999)
Nominert til Spellemannpris med Utla (1992), Femstein (2004)
Biografien er produsert av Norsk folkemusikkformidling