I vår vedtok styret i SAFFA - etter ei tids kommunikasjon med FolkOrg - å gå inn for at fylkesorganisasjonen skulle ta på seg rolla som områdelag for landslaget. Årsmøtet ga full tilslutning til vedtaket.
Seinare er SAFFA tilkjent kr. 1,2 mill i prosjektstønad til utvikling av strategisk samarbeid mellom den frivilleg organiserte verksemda innan folkemusikk og folkedans i området - og offentleg opplæringsverksemd, med særlig fokus på barn og unge.
Til å driva dette arbeidet framover er Marianne Tomasgård nyleg tilsett i 70% stilling som prosjektleiar, inntil vidare for ein toårsperiode.
- SAFFA-styret er svært tilfreds med at Marianne responderte på denne jobben. Med solid musikalsk ballast frå far og SAFFA-pionér - Ellev - vaks ho opp i Nannestad. Ho har seinare skaffa seg formell musikkfagleg utdanning og erfaring frå både inn- og utland og er ein profilert utøvar og pedagog innen folkemusikk, seier Nils Seland, som er styreleiar i SAFFA.
Marianne Tomasgård har vore A-klassing i både fele og dans. Ho har vore leiar av Honndalstausene, har hatt fele-kurs med gruppa Kjerringrokk, og spelt turnèer for Rikskonsertene og Den Kulturelle Skolesekken.
- Gjennom sitt virke som felelærar i kulturskolen i Enebakk har Marianne starta Enebakk Spelemannslag og Enebakk Juniorspelemannslag og har på denne måten bevist at det går å skapa samarbeid mellom kulturskolane og det frivillege musikklivet. Det er dette SAFFA nå systematisk vil dyrka vidare, og me helsar den nye medarbeidaren vår hjarteleg velkomen, avsluttar Nils Seland.
Marianne Tomasgård seier sjølv dette i ein kommentar:
- Det er vel ingen tvil om at det å danse, synge eller spille sammen skaper glede og stimulerer både kropp og sinn. Det skaper felles opplevelser, trygghet og glede, og varige vennskapsbånd. I Akershus finnes det en skatt av folkemusikk og folkedanser som er lite kjent. Hva vet barn og unge i Oslo og Akershus om sine lokale musikalske røtter?
- Å ha kjennskap til vår egen kultur sier noe om hvem vi er, og kulturell identitet er viktig ballast når et ungt menneske skal ut av bygda eller bydelen og ut i verden. SAFFA ønsker å lære barn og unge i Akershus noe om sin egen folkemusikk og –dans, og jeg ser det som en ære og glede å kunne bidra, avsluttar ho.
SAFFA vil ha fast kontortid i Akershus musikkråd og Fylkesbiblioteket i Akershus sine kontor i Fetv. 1E på Kjeller onsdag, torsdag og fredag frå den 15. august 2011. FolkOrg og Folkemusikk.no gratulerar både SAFFA og den nye prosjektleiaren.