Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Sandén-Warg, Daniel

Daniel Sanden Warg-solo

Musikar og sylvsmed, født 1977 i Østersund i Sverige. Busett på Rysstad i Setesdal.

Daniel Sandén-Warg spelar hardingfele, fele, munnharpe, gitar og nyckelharpa. Som hardingfelespelar har han lært dei fleste slåttane direkte av Hallvard T. Bjørgum. Andre viktige inspirasjonskjelder er Andres K. Rysstad og Torleiv H. Bjørgum. Han er kvalifisert for eliteklassa, klasse A, i hardingfele på Landskappleiken. Medlem av gruppa Harv (1996), som starta som ein duo, med Magnus Stinnerbom. No er dei fire musikarar, og har turnert mykje i Europa, Sør-Amerika og USA. Harv arrangerte musikken til Tryllefløyta - ein folkeopera (regi Leif Stinnerbom), som hadde premiere på Den norske Opera hausten 2005. Stykket blei sett opp på rundt førti scener i Noreg og Sverige, og er Rikskonsertanes største satsing nokon sinne. Sandén-Warg er medlem av spelemannslaget Knut Heddis Minne, og har halde fleire konsertar saman med hardingfelespelaren Per Anders Buen Garnås. Han spelar i bandet til Odd Nordstoga, og saman med Sigurd Brokke ga han i 2007 ut plata Rammeslag.

 

Diskografi


Harv (Amigo, 1997)

Must (Amigo, 2000)
Töst (Drone, 2002)
Lea deg! (Spelemannslaget Knut Heddis Minne, 2003)
Free Field, med Hallvard Bjørgum (Sylvartun, 2003)
Luring (Universal, 2004)
Iselilja, med Gåte (Warner Music Norway, 2004)
Direktör Deg EP (Northside, 2005)
Polka Raggioso (Northside 2005)
Heim te mor (Universal, 2006)
Rammeslag (Etnisk musikklubb, 2007)
Warg Buen (ta:lik, 2008)
Rammeslag II (Etnisk musikklubb, 2009)

  

Biografien er produsert av Norsk Folkemusikkformidling


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk