Adr.: |
Stendervegen 61 N-5542 Karmsund |
Tlf1: | (+47) 52 83 61 99 |
Tlf2: | (+47) 92 41 86 90 |
E-post: | Send e-post |
Rygg, Steinar
Felespelar busett i Karmsund
Steinar har vore aktiv folkemusikar sidan slutten av 80-talet. Han blei A-klasse-spelemann i 1987, 18 år gammal under Landskappleiken i Sogndal. Etter dette har han nådd fleire høge premieringar under tevlingar på Landskappleikar, med to andreplasseringar. Forutan kappleikstevlingar har han turnert både i inn- og utland med konsertar. Her kan nemnast at han har spelt alle 17 Dale-slåttane som Edvard Grieg arrangerte for piano saman med ein tysk pianist ved namn Peer Findeisen. I tillegg til solospel har Steinar vore leiar for gruppa Marylands som han starta opp saman med Håkon Høgemo i 1996. Dei gav ut ei plate i 2001. Tidlegare har han vore felespelar i gruppa Fantafylgje saman med Berit Opheim, Arne Anderdal og Laila Kolve. I 1999 mottok han Saga-prisen. Steinar har dei to siste åra vore med i styret til Hordaland Folkemusikklag, der han dette året er formann i laget. For tida arbeider han ved Karmøy kulturskule som fiolinlærar, og er med på ei teaterførestilling som Haugesund teater setter opp under vikingfestivalen på Karmøy. I 2002 kom han med sin fyrste solo-CD: Brunnslåtten (SFCD2).