Ho sovna roleg inn fredag 14. oktober, etter lengre tids sjukdom. Gravferda vert fredag 21. oktober.

Ruth Anne Moen har lagt ned eit stort arbeid for folkemusikken og folkedansen i Noreg, og under vokal klasse A på Landskappleiken i Seljord i sumar vart ho utnemnd til heidersmedlem i FolkOrg. Her kan du lese grunngjevinga for heidersmedlemskapet, og om det omfattande arbeidet ho har lagt ned.

Vi lyser fred over Ruth Annes minne.


Ruth Anne Moen

Ruth Anne Moen er fødd i 1950, vakse opp på Strømmen i Akershus. Ho har hovudfag i musikkpedagogikk, med hovudfagsoppgåve om folkemusikkformidling. I tillegg har ho mellomfag i dansevitskap. Tidlegare har vore lærar i grunnskule og musikkskule og undervist  i både hardingfele, langeleik, kveding og klaver. Sidan 1986 har vore tilsett som konservator ved Folkemusikkarkivet for Rogaland; eit arkivet ho har vore med å bygge opp heilt frå  botnen av.

Arbeidet med å opprette arkivet starta allereie i 1983, men det var ikkje før i mars 1992 at det nye folkemusikkarkivet vart ein realitet. Sidan den gong har Ruth Anne samla inn og arkivert ei mengd opptak av song, spel og dans frå regionen, og såleis vore ein heilt sentral faktor for at tradisjonen i området er dokumentert og vidareført og formidla til noverande og kommande generasjonar.

Ho har stått for eit omfattande innsamlingsarbeid av tradisjonsmateriale i regionen. Men ho har ikkje berre samla det inn og arkivert, ho har også formidla det gjennom bokutgjevingar, artiklar og andre utgjevingar og kurs. Bak seg har ho ei rekkje bokutgjevingar som tek for seg tradisjonsstoff frå Rogaland, og i fleire av desse høyrer det med pedagogiske og tilrettelagte opplæringsopplegg og lytteeksempel. Gjennom seminar, konsertar og kurs i alt frå spel, song og dans har vore ei svært viktig brikke i opplæringa av born og unge i regionen.

Men Ruth Anne har også engasjert seg utover fylkesgrensene til Rogaland. Ho har hatt ei aktiv rolle som organisasjonsmenneskje i mellom anna Rådet for folkemusikk og folkedans, Norsk Kvedarforum og som formann i Norsk Folkemusikklag. I tillegg har vore aktiv i prosessar i tidlegare Landslaget for Spelemenn, der ho mellom anna var aktiv i etableringa av det me no kjenner til som Folkelarmprisen, og ho har vore dommar på Landskappleiken i vokal folkemusikk. Eit av dei siste prosjekta ho var i gong med var opplæring i arkivdrift i Tanzania. Dette syner at ho er ein person som ikkje berre evner å tilegne seg kunnskap, men også har eit brennande ynskje om å dele på og gje av den kunnskapen ho sit inne med.

Ruth Anne er ein engasjert formidlar, med eit ønskje om å nå ut. Ho er ei eldesjel, ein primus motor, ein pådrivar for utvikling og ikkje minst ein inspirator for alle som driv med folkemusikk – og dans i regionen, men òg på feltet generelt. Songarar, dansarar og spelemenn i regionen har mykje å takke Ruth Anne for. Både for det arbeidet ho har lagt ned for folkemusikken, kjeldekunnskapen ho sit inne med, men ikkje minst det personlege og brennande engasjementet ho har synt oss.

Ho har sett folkemusikken i system og inn på arkiv, men formidla den ut igjen gjennom eit imponerande, mangfaldig, grundig og engasjert formidlingsarbeid.  Mange har lært seg  og blitt kjend med folkemusikk og –dans frå Rogaland gjennom Ruth Anne Moen, og mange har gjennom henne vorte stolt av og glad i denne tradisjonen.