Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Rolland, Frank Henrik

rolland

Felespelar frå Ulvik og busett på Utne i Hardanger.

Frank er fyrst og fremst soloutøvar, men har samarbeidd med ei rekkje andre musikarar og musikkformer. Han tok til å spela hardingfele i musikkskulen med Knut Hamre som lærar. Knut Hamre har sidan vore Frank sin fremste læremeister. Frank Rolland har gått på folkemusikklina ved Fagernes v.g. skule. Han har vore knytt til musikkskulane i Hardanger som lærar og har vore instruktør på ei rekkje kurs og samlingar. Sidan 1996 har Frank vore tilsett som fylkesmusikar i Hordaland. Frank Rolland spelar i eliteklassa på kappleikar.
 

Diskografi


Folkesongar i Hordaland. Det Norske Samlaget 1998
Håstabøslåttar. Grappa 2000. Nominert til Spelemannsprisen.
Samle cd Nfd. NFD 2003
I Halldors ånd. Trio Hardanger. 2L 2003.
FYHND, Fylkesmusikarane i Hordaland. Hausten 2008.
Frank Rolland, hardingfele. Ta:lik 2008.


Konsertreferansar


Osa-festivalen, Hardingtonar, Hardanger Musikkfest, Den Norske Folkemusikkveka, Jørn Hilme stemnet, Columbi Egg, Folkemusikkscena, Fylkeskonsertane i Hordaland, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Hordaland Teater, Sogn og Fjordane Teater. Har helde konsertar m.a. i Latvia, Skottland, Island, Guatemala og Orknøyane.


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk