Årets tradisjonskunnskap vil innehalda fornyingar i fleire ledd.
Alle studia ved Rff- senteret er deltidstudium og kan lett kombinerast med andre studie eller jobb. Studiet tradisjonskunnskap er ei unik moglegheit for til fordjuping i den norske tradisjonsdansen der arbeid med arkivmateriale, forelesingar og praktisk dansearbeid går hand i hand. Det som er nytt ved dette studiet til hausten er:
- Nye store, lyse undervisningslokale og stor dansesal ved Rff-sentret på Dragvoll, Trondheim
- Lærekrefter med føter både i tradisjonsmiljø og fagmiljø!
- Større fokus handlingsboren praktisk dansekunnskap
Samling i Valdres og nye forelesarar på studia Tradisjonskunnskap, folkedans I og II
Til hausten vil den eine samlinga på studiet Tradisjonskunnskap (13.-17. oktober) bli avvikla i samarbeid med det nyetablerte Aust-norsk kompetansesenter i flunkande nye lokale ved Valdres folkemuseum, Fagernes! Studentane kan slik gle seg til ei spennande samling der du ved sidan av dansefagpersonalet ved Rff - sentret med professor Egil Bakka i spissen, også får møte lokale lærekrefter som Ingar Ranheim og Stian Roland mfl. Andre forelesarar ved studiet er Hæge Manheim, Kari Margrete Okstad, Sigurd Johan Heide, Jan Petter Blom, Tor Stallvik, Siri Mæland, Ivar Mogstad og Bjørn Aksdal mfl.
Springdans frå Nord- Torpa med ekteparet Strømsjordet! |
Fagkompetanse ein føresetnad for kommande Bygda dansar- fylke!
Tradisjonskunnskap I og II gjev deg basiskunnskapen og grunnlaget for å sameine praktisk kunnskap og teori innan folkedans. Bygda dansar er den største nasjonale satsinga på folkedans i Noreg og blir slik veldig viktig i åra som kjem. Bygda dansar nærmar seg med stormskritt til Vest-Agder, Rogaland eller Nord-Trøndelag! Her trengs det sårt ei kompetanseheving! I Buskerud er prosjektet godt i gang, og i Oppland snart over, men også her trengs fagpersonar til å vidareføra arbeidet etter at Bygda Dansar er over. Sør-Trøndelag, Hedmark og Telemark ynskjer også å kasta seg på trenden med Bygda Dansar, og treng engasjerte og fagkompetente dansarar og spelemenn. Dette er eit krav for å få prosjektet!
Fleire studium i folkedans til hausten med søknadsfrist 15. mai!
Søknadsfristen for studia på dansevitenskap ved Rff- senteret er rett rundt hjørnet. I tilegg til ”tradisjonskunnskaps- studiet” tilbyr Rff- senteret hausten 2010 også studium i feltarbeid (Etnokoreologi, dokumentasjon og notasjon, 15 stp). Du kan også søkje på vidareutdanningskursa (www.ntnu.no/videre): Innføring i norsk folkedans for lærarar, 15 stp. Norsk folkelig dans, 15 stp, Improvisasjon som kreativt verktøy, 7,5 stp. Alt dette går det an å ta på deltid eller du kombinere emna til eit heiltidsstudium! Faldar for studia finn du på http://www.rff-sentret.no/images/stories/Dansevitskap/folder%20dansevitenskap%202010.pdf
Les meir på:
www.rff-sentret.no
www.ntnu.no/musikk/forstudenter/dansevitenskap