Elisabeth Kværne er oppvaksen i Skottland, Bærum og i Aurdal i Valdres. Ho har utdanninga si frå Universitetet i Oslo med fagkrinsen musikkvitskap, folkeminnevitskap og folkelivsgransking. Kværne har hatt store delar av arbeidskarrieren sin på Valdres folkemuseum på Fagernes, der ho sidan 2004 har vore fast tilsett folkemusikkarkivar i 60 % stilling. Ho har lagt ned ein stor innsats for folkemusikkmiljøet i Valdres på mange ulike område, mellom anna som distriktsmusikar i Valdres i åra 1995-1997. Ho har også førelese både ved Ole Bull Akademiet på Voss og på Norges musikkhøgskole i Oslo. Kværne er i tillegg gardbrukar heime i Aurdal, der ho har drive mjølkeproduksjon og skogbruk sidan 1978.
Elisabeth Kværne er aktiv som utøvar og deltek jamleg på konsertar, erindringskveldar, samt lokale og nasjonale kappleikar. Ho har også medverka i debattprogram og konsertar med fokus på nedteikningane til L.M. Lindeman, i tillegg til fleire turnear om Lindeman for folkeakademiet i lag med forfattaren og musikkforskaren Øystein Gaukstad og kvedaren Agnes Buen Garnås. Kværne var også ein sentral pådrivar for utgjevingane av Lindeman sine folkemusikknedteikningar, ført i pennen av Øystein Gaukstad.
Kværne har vore aktiv som plateartist og gav mellom anna i 1985 ut albumet På langeleik, som ho året etter fekk Spellemannprisen for. Som utøvar har ho også formidla historia om musikken og kjeldene ved ei rekkje turnear i regi av Rikskonsertane, åleine og i lag med spelemenn som til dømes Torleiv Bolstad. I 2005 fekk ho Nord-Aurdal kommune sin kulturpris, og i 2006-07 mottok ho Statens arbeidsstipend for folkekunstnarar.
Elisabeth Kværne har også lagt ned ein stor innsats innanfor organisasjonsarbeid og har særleg spelt ei sentral rolle som medlem i Rådet for folkemusikk og folkedans i åra 1990–2004. I ein periode var ho også nestleiar. I tillegg har Kværne vore med i ei rekkje komitear og utval, mellom anna i utvalet som laga utgreiinga om dei norske instrumentbyggjartradisjonane (2009). For tida arbeider ho med eit registrerings- og forskingsprosjekt om langeleiken si historie og utvikling i lag med folkemusikk- og instrumentforskaren Bjørn Aksdal.
Rff-prisen blir tildelt av Rådet for folkemusikk og folkedans til personar som har gjort ein ekstraordinær innsats på områda folkemusikk og/eller folkedans. Prisen ble etablert i 1993 og har sidan blitt delt ut årleg. Rff-prisen er på kr. 25 000 samt et steinmotiv og blir delt ut under fagdagane og Representantskapsmøtet i Rådet for folkemusikk og folkedans i Trondheim 1. november.