> Retningslinjer mot seksuell trakassering og overgrep

Styret i kvart enkelt lokallag/organisasjon i FolkOrg har ansvaret for å sette seg inn i retningslinene. Det er også styret sitt ansvar å informere dei involverte om retningslinene.

I retningslinene er det krav om politiattest i arbeid med born og unge. Det er styret i kvart lokallag/kvar organisasjon i FolkOrg sitt ansvar å informere dei som er involvert i arbeid med born og unge om kravet om politiattest, og å avgjere når innhenting av politiattest er naudsynt. FolkOrg tilrår lag og organisasjonar å halde seg til «Frivillighet Norge» sin rettleiar for innhenting av politiattest for frivillige organisasjonar. Den inneheld gode tips og rutinar for når, og korleis ein går fram. Det er styret som har ansvaret for å sette seg inn i rettleiaren frå «Frivillighet Norge» og oppretta rutinar for innhenting av polititattest. 

> Her finn du rettleiar for innhenting av politiattest frå «Frivillighet Norge»

Politiattest kan ikkje delast ut på generelt grunnlag, og attestane vert godkjent i høve til kvart enkelt formål og den enkelte organisasjon som treng instruksjon. Dette kan bli ei utfordring for lag med mange mindre opplæringstilfelle og frilansarar som er delaktig i mange små og store arrangement for born. I den samanheng vedtok AU i FolkOrg 2/12.2013 at dei tilrår laga å halde seg til tilrådingane i «Frivillighet Norge» sin rettleiar for frivillige organisasjonar.

  • «Politiattest kan kreves også fra personer under 18 år, med en nedre grense på 15 år. 
  • Det er ikke nok at personen skal ha oppgaver som har med barn å gjøre. Vedkommende må ha oppgaver som vil muliggjøre overgrep, som innebærer et tillits eller ansvarsforhold til mindreårige eller personer med utviklingshemming og han/hun må ha oppgaven(e) over noe tid. Det er personens faktiske oppgaver som avgjør om personen kan avkreves politiattest, ikke tittelen på vervet eller jobben. 
  • Det bør vurderes fra gang til gang hvilke personer som er omfattet av ordningen.»

I tillegg tilrår AU at laga også held seg til:

  • Er laget i tvil om dei bør krevje politiattest, bør det heller sjekkast ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Her finn de informasjon og søknadsskjema 

> Søknad om politiattest for frivillige organisasjonar
> Informasjon om politiattest

TIPS!
LNU har i samarbeid med fleire organisasjonar utvikla kompetansemateriell om korleis organisasjonar kan jobba mot grenseoverskridande seksuell åtferd. På disse nettsidene kan du finne ressursar til kompetansemateriell enten du skal halde workshop eller utvikla tiltak og rutinar i din organisasjon. LNUs hjemmesider - Trygge organisasjoner.