Dugnadsskilt.
Dugnadsskilt.

Over 200 av dei i alt 411 friviljuge under Landsfestivalen i Vågå var samla til stor dugnadsfest i Vågåhallen. Nettopp innsatsen til desse friviljuge er ein særs viktig grunn til at Landsfestivalen i Vågå vart ein suksess både i høve gjennomføring av arrangementet og reint økonomisk. Ser ein bort i frå prisjusteringa så har ein aldri hatt eit høgare overskot på ein landsfestival. Nærast var Landsfestivalen i Skjåk med 700 000 kroner i pluss i 2008. Dei to siste åra har også antal påmelde til Landsfestivalen auka med 35 %, og i Vågå i sommar var det over 700 utøvarar med i tevlingane. Landsfestivalen i gammaldansmusikk seglar verkeleg i medvind att. Per Øyvind Tveiten, styreleiar i FolkOrg, er særs nøgd med jobben som vagværane gjorde i sommar og ynskjer til lukke med resultatet.

Hovudnemnda for Landfestivalen har lagt vekt på å ha god kontroll på utgiftene, og har freista å finne rimelege løysingar utan at det skulle gå ut over kvaliteta. «Me arrangerte ikkje Landsfestivalen fyrst og fremst for pengane sin skuld, men når det fyrst går så bra så er det jo veldig moro» seier leiar i hovudnemnda Kjærsti Gangsø. Dei ynskte å få til eit arrangement som heile bygda stod bak, og det var tydeleg at heile bygda, kommunen og handelsstanden drog i same retning for å få til eit vellukka og heilskapleg arrangement. Konserten «Gullrekka» som fyllte heile idrettshallen i Vågå bidrog og til overskotet. Gullvinnararar gjennom tidene innan gammaldans frå Vågå og omegn ytte her sin dugnadsinnsats til gammaldansmiljøet og bidrog til ein flott konsert.

Landsfestivalen i Vågå fekk også god sponsorstønad av mellom anna Sparebank 1, regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen og av Vågå kommune. Vågå spel – og dansarlag ynskjer å dela overskotet sitt med resten av bygda og gjev Vågå kommune tilbake 75 000 kroner slik at dei mellom anna kan få lakka opp att golvet i idrettshallen.

Hovudnemda for Landsfestivalen 2012 i Vågå.
Hovudnemda for Landsfestivalen 2012 i Vågå.

Hovudnemnda for Landsfestivalen i Vågå er no ferdig med arbeidet sitt og leverte overskotet til leiar i Vågå spel – og dansarlag; Tor Stallvik. Pengane skal nyttast til mellom anna vidare rekrutteringsarbeid, og i fylgje Stallvik tenkjer ein på å arrangera instruktørkurs for juniorar slik at ein har gode instruktørar å ta av i framtida og. Juniorar i Vågå spel – og dansarlag som deltek på kappleikar og kurs kring i landet for sponsa deltakararavgift av laget sitt.

Det neste store løftet for Vågå spel – og dansarlag er Folkemusikktreffen som vert arrangert 25.-27.januar. Det er 28.gong denne midvintersfesten for spel – og danseglade vert arrangert. Tradisjonen tru vert det konsertar, kurs og dansefestar. Programmet vert snart offentleggjort.