Registrer dansen og musikken din på 1-2-3!

  • Gå inn på kulturarvporten
  • Registrer deg som registrator (du vert godkjend med det same)
  • Legg inn dans og musikk som du kjenner til frå ditt område, eller som er eit nasjonalt/ regionalt repertoar.
  • I menyen til venstre finn du oversyn over kva som har blitt registrert. Her kan du også sjå korleis andre har gjort det. Du finn også  gode forklaringar på nettsida.

Noreg har slutta seg til ein UNESCO-konvensjon om vern og vidareføring av immateriell kulturarv. 
Det forpliktar landet til å laga register over slik kulturarv.  Det er Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Rff-sentret) som har initiert og driv sida for å få i gang registreringsarbeidet på vår sektor. Målet er ikkje ei fullstendig liste, men ei som stadig aukar.

Nettsida er meint som eit bidrag til å synleggjera kva Noreg med sine ulike lokalmiljø har av musikk- og dansearv som er i bruk og som miljøa sjølve gjerne vil halda oppe og føra vidare og i tillegg synleggjera på denne lista.

Dersom du har eit forslag til musikk- og/eller dansearv som du gjerne vil ha synleggjort, registrer deg som forslagsstillar, og skriv inn forslaget ditt i skjemaet du så får tilgang til. Det er nok at du fyller ut dei postane som har stjerne.

Ein vil gjerne ha inn mykje stoff, det er nok å ta av, så skriv gjerne inn meir enn ein ting. Etter kvart skulle dette kunna bli eit oversyn der fylke, kommunar, skular og kulturskular kan gå inn og sjå kva som er registrert på dei, kva dei har eit særleg ansvar for og kva som manglar.

REGISTRER DANS OG MUSIKK PÅ KULTURARVPORTEN HER