Medlemene i utvalet har vore Bjørn Aksdal, Kjell Bitustøyl og Elisabeth Kværne. Desse fekk i oppdrag frå Rådet For Folkemusikk og Folkedans å gjere greie for situasjonen for dei norske instrumentbyggartradisjonane. I rapporten kjem dei mellom anna med framlegg om at det så snart som mogleg bør etablerast ei godkjend felemakarutdanning i Noreg og peiker på Ole Bull Akademiet på Voss som ein aktuell stad for ei slik utdanning.
- Profesjonaliseringa av folkemusikkfeltet har gjort tydeleg behovet for ei satsing på instrumentbyggjarar, seier utvalsmedlem Kjell Bitustøyl til nettstaden ballade.no
Rapporten frå utvalet skal no ut på høyring, og kan lesast i sin heilskap her.
Relaterte saker:
Intervju med medlem i utvalet, Kjell Bitustøyl:
Tid for hardingfelebyggjarutdanning?
www.ballade.no
Intervju med Vidar Skeie:
… og tid for nasjonalt hardingfeletun i Hardanger?
www.ballade.no