"Eg dukkar i fortida. Eg er offensiv på mytane, mystikken – på det som ikkje er openbart i gamle forteljingar og gamle melodiar. Korleis tenkte menneska før, og kva er det som gjer at segner, myter og viser framleis lever og gir meining? Derfor er det svært viktig for meg å gripe fatt i og få fram gamle, vakre, særeigne melodiar til desse visene – viser som elles har stor utbreiing både i Noreg og Norden elles"
- Ragnhild Furholt

På plata har ho med seg seg musikarane Birger Mistereggen på perkusjon, slåttetromme og munnharpe, og Leiv Solberg på gitarar, mandola, bass og hardingfele.

Plateomtale er henta frå www.talik.no