Med VirtuOsa som tema ville Osafestivalen i år markere 200 års jubileum for Ole Bull og 100 års jubileum for Sigbjørn Bernhoft Osa. Eit kobbel av førsteklasses musikarar gav utsøkte konsertar som romma virtuositet, improvisasjon, overskot, energi mm.
Etter ei storslått opning med Arve Tellefsen og Håvard Gimse stod høgdepunkta i kø, Trio Mediæval, Aasmund Nodstoga, Frigg, Kim André Rysstad og Ingebjørg Bratland, Aage Kvalbein, Anders Øien, Eli Storbekken, Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen, Ensemble Cordevento og Bergen Domkor.
- Vi er særleg godt nøgde med Tingingsverket til Gjermund Larsen som han framførde i lag med Trondheimssolistene og bror sin Einar Olav Larsen. Bergens Tidende gav gode skussmål, og Espen Selvik skreiv ”Dette er et tingingsverk eg tror vil leve”.
I dei små stappfulle salane imponerte Nils Økland, Rolf Erik Nystrøm, Leif Rygg, Studentar frå Ole Bull Akademiet og Noregs Musikkhøgskole. Galder stod for god dansemusikk og krossoverprosjektet med Håkon Kornstad, Kari Malmanger, Anders Hall og lokale jazz-ungdomar vart svært vellukka.
Arrangørane som stod bak Osafestivalen 2010 var Ole Bull Akademiet, Voss Spelemannslag, Voss Ungdomslag, Orkesteret Fossegrimen.
Publikumsrekord på Osafestivalen
OSAFESTIVALEN
2800 vitja Osafestivalen i år. Dette er nesten ei tredobling av publikummarar sidan 2004. - Dette er vitale tal og tyder på at Osafestivalen er i vekst og vil bløma framover, seier ein særs nøgd festivalleiar Kari Margrethe Okstad.
Denne artikkelen er over 14 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.