Jason Reimnitz deltok for fyrste gong på Landsfestivalen i år, saman med Lom spelmannslag. Debuten på festivalen gjekk svært bra for Jason og dei andre i laget. I kveld spelar dei i finalen i Vågåhallen.
Jason, som snakkar litt norsk, har sidan slutten av mai arbeidd på Lom steinsenter. Når han ikkje arbeidar med stein, spelar han saman med musikkvener i Lom spelmannslag.
- Eg har spelt klassisk fiolin sidan eg var fem år. Bestefar min kjøpte ei hardingfele til meg for mange år sidan. Det skapte interesse for norsk folkemusikk, fortel Jason – som òg har motteke stipend frå amerikanske Hardanger Fiddle Association of America til å studere hardingfele endå meir.
- Det er ganske stor forskjell mellom den klassiske musikken og folkemusikken, men også dialektiske forskjellar innan folkemusikken.
Saknar stranda
Men kvifor Lom og arbeid med stein, undrar Folkemusikk.no.
- Eg var på jakt etter arbeid. Besteforeldra mine har kjenningar i Lom – og vips fekk eg jobb her, fortel Jason. Heimen er eit gamalt hus frå midten av 1700-talet, og når han ikkje spelar eller er på jobb går han turar i fjellet.
- Alt er ganske annleis enn i San Diego. Eg saknar sjølvsagt venene mine og strandlivet, fortel Jason.
Sjølv om spelet sit som det skal, er det likevel noko som manglar.
- Diverre dansar eg ikkje springleik, noko eg gjerne kunne tenke meg.
Med det er oppmodinga klar: Får du auge på Jason – ta han med i dansen!
Fem finalistar
Heile 21 lag stilte i lagspel fredag, og fem av dei går vidare til superfinalen fredag kveld kl. 22. Resultatet frå finalen blir kunngjort under meisterkonserten sundag.
Finalistane er:
• Østerdølenes Spellmannslag
• Gamlebanken Spelemannslag
• Mukampen spelmannslag
• Sør-Fron spelemannslag
• Lom spelmannslag
Vidare resultatliste:
6. Gudbrandsdølenes spelemannslag, 206 p.
7. Oppdal Spell- Og Dansarlag, 204 p.
8. Vågå Spelmannslag, 199 p.
9. Brekken spellmannslag, 187 p.
10. Indre Sunnfjord Spelemannslag, 185 p.
11. Ringebu spelemannslag, 173 p.
12. Spelemannslaget Fjelljom, 168 p.
13. Dalsfjorden spelemannslag, 165 p.
14. Sel og Otta Spel-og dansarlag, 164 p.
15. Valldal Spelemannslag, 163 p.
16. Vardkampen spellmannslag, 158 p.
17. Vindfylla spelemannslag, 157 p.
18. Nordmøre Spelmannslag, 152 p.
19. Naustedalen spelemannslag, 150 p.
20. Snaustrinda Spelemannslag, 148 p.
20. Eiker Spellemannslag, 148 p.
Tidlegare på dagen har det òg vore kvalifisering i dans. Finalistane i dans blir presentert fredag kveld kl. 22. Folkemusikk.no kjem tilbake med meir informasjon og oppdaterte resultatlister.