Organisasjonane FolkOrg og Noregs Ungdomslag og Stiftinga Rådet for folkemusikk og folkedans søkjer prosjektleiar til eit utgreiingsarbeid om folkedansen i Noreg. Oppdraget er på eit halvt årsverk og kan gjerast på heiltid eller deltid.

Utgreiinga har som mål å skildre situasjonen for folkedansen i Noreg i dag, vise til potensial for utvikling og konkretisere framlegg til tiltak for å utvikle feltet. Prosjektleiar arbeider i samarbeid med ovannemnde organisasjonar. Det er sett ned ei særskild prosjektgruppe som skal fungere som faglege rådgjevarar i arbeidet.

Kvalifikasjonar hos søkjar:

•    gode munnlege og skriftlege formuleringsevner
•    god kjennskap til folkedansmiljøet i Noreg
•    erfaring med produksjon av større faglege tekster og utgreiingar
•    gode evner til samarbeid
•    kunne arbeide sjølvstendig

Det er ønskjeleg at søkjar har mastergrad eller tilsvarande.

Stiftinga Rff er arbeidgjevar. Løn etter avtale. Arbeidsstad etter avtale.

Søknadsfrist 1. mars.

Elektronisk søknad med CV sendast til Rff: rff@hf.ntnu.no.

For spørsmål kontakt Sigurd Johan Heide: sigurd.johan.heide@hf.ntnu.no
telefon: 73 59 65 98 / 95 87 90 78.