I løpet av dei neste dagane kjem det heile 1400 deltakarar og folkemusikkinteresserte frå heile landet til Geilo. Arrangørane er klare! 

> SJÅ BILETE FRÅ FØREBUINGANE

 

PROGRAM ONSDAG


Kl. 12.00 – Livesending - NETT-TV på www.hallingdolen.no
Kl. 15.00 – Gruppespel jr. & sr. – Geilohallen 
Kl. 18.14 – Opning av Landskappleiken 2014 – Amfiet Geilo sentrum 
Kl. 19.00 – Open klasse – Geilo Amfi 
Kl. 20.00 – Vekselvis gammaldans og bygdedans – Highland Hall 
Kl. 20.00 – Gammaldans – Geilohallen

www.landskappleiken.no finn du alt av praktisk info 

LAST NED APPEN

Det er utvikla ein eigen APP for Landskappleiken. Her finn du lett ut kvar og når tevlingane finn stad, kven som tevlar, siste nytt og viktige oppdateringar.  Du kan også sjå og tagge bilete gjennom Instagram (#landskappleiken).

  • Sjå startlister og resultat
  • Følg med på siste nytt om kappleiken
  • Les oppdatert program
  • Finn viktig informasjon om kappleiken
  • Kart over kappleiksområdet
  • Sjå bilete frå kappleiken (#landskappleiken)

Appen er tilgjengeleg både for iPhone- og Androidtelefonar. Du finn han i AppStore (iPhone) eller Google Play (Android).

Lurar du på noko, har tips til forbetringar – send ein e-post til anbjorg@folkemusikk.no !

Vinnarar til Meisterkonsert i Operaen i november

Vinnarane av Open klasse vert invitert til Meisterkonserten i Operaen 23. november. Les meir på www.kappleik.no