Maria er fødd i 1992 i Åsane i Bergen og er for tida elev på Langhaugen videregående skole i Bergen. Ho er ein del av det unge, aktive danse- og musikkmiljøet vi har sett i Bergen dei siste åra.

Maria er i ein fase der ho utviklar seg mykje som musikar. Alt no har ho vorte ein felespelar med kraft og personlegdom i spelet sitt og ho har eit rytmisk og sikkert spel til dans. Samstundes kan ho nytte eit stort musikalsk repertoar til konsertframføringar og solospel.
Ho har hatt Benedicte Maurset, Elna Føleide Selle og Eva Marie Toppe som viktige lærarar i spel. Maria reiser også mykje rundt på kurs, kappleikar og stemne for å læra meir spel og utvida slåttekunna si.

Minneprisen vart delt ut under premieutdelinga på Vestlandskappleiken.

Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulykke 19. mars 2004, 17 år gammal.

I styret for minneprisen sit: Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Therese Moldestad og Vegard Opheim.