FolkOrg har i dag kring 5000 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 150 mangfaldige lokale spel – og dansarlag. Lokallaga er ryggraden i organisasjonen og syner ein enorm aktivitet gjennom mellom anna:

  • Rekrutteringsarbeid  og vidareføring av tradisjonane innan folkemusikk – og dans.
  • Arrangering av kappleikar, konsertar og andre arrangement.
  • Formidling og synleggjering av norsk folkemusikk  og folkedans både på lokalt, regionalt, nasjonalt og til tider internasjonalt nivå.

FolkOrg ynskjer å løfta fram det gode arbeidet som lokallaga gjer gjennom mellom anna å dela ut prisen for ”Årets lokallag”. Prisen er ein pengepremie på 10 000 kroner.  Juryen for prisen er styret i FolkOrg, som vel ut tre nominerte og ein vinnar av prisen ut i frå dei innsendte forslaga.

For utdeling av prisen for årets lokallag i 2012 ynskjer FolkOrg å vektleggje godt rekrutteringsarbeid innan folkemusikk og folkedans. Det kan vera lokallag som driv rekrutteringsarbeid sjølve, og/eller har godt samarbeid med kulturskular, Noregs Ungdomslag m.m.

FolkOrg ynskjer å marknadsføra alle dei innsendte forslaga på folkemusikk.no.

Einskildmedlemmer, lokallag og område/fylkeslag kan senda inn forslag med grunngjeving.

Til no har me fått inn to forslag, men me veit at fleire er på veg.

Forslag skal sendast inn til rannveig@folkemusikk.no. Ta og gjerne kontakt dersom de har spørsmål i høve prisen!