Utøvar

- er den som framfører eit verk: musikaren/ songaren/ artisten. Utøvaren har rett til å nekta at ein framføring skal tas opp (lydfesting), og kan gje vilkår for å tillata opptak. Når det føreligg eit opptak/ ein innspeling (for eksempel ein CD) så har utøvaren rett på vederlag nå dette opptaket blir kringkasta. Og etter ei lovendring i 2001 blei denne vederlagsretten utvida til også å omfatte bruk av innspelinga i annan offentleg framføring, som i kafear, butikkar, hotell m.m. Denne retter til vederlag blir forvalta av GRAMO, som forvaltar slike rettar for utøvarar og produsentar (plateselskap). GRAMO betalar ut individuelle vederlag direkte til eigne medlemer. Vederlag blir også betalt ut om innspelinga blir brukt utanlands, dersom GRAMO har avtale med systerorganisasjon i det aktuelle landet. Denne retten varer fram til 50 år etter at innspelinga fyrste gong vart offentleggjort.

NFD er godkjend rettshavarorganisasjon i GRAMO. Det betyr at NFD sine medlemer som også er tilmeldt GRAMO får ut sine GRAMO-vederlag utan å bli trekt for administrasjonsgebyr, og at dei har stemmerett på GRAMO sin generalforsamling.

Om du har vore med på plateinnspeling, meld deg inn i GRAMO!

- det er gratis og gjer pengar i kassa.

For offentleg framføring av innspelt musikk der utøvaren ikkje har slikt vern, som for eksempel innspelingar med utøvarar frå USA, krev Fond for utøvande kunstnarar inn ein avgift som blir fordelt til utøvarar m.m. i Noreg etter søknad.

Relevante lenker:

GRAMO : www.gramo.no

Fond for utøvande kunstnarar : www.ffuk.no

 

 

Opphavsmann

- er den som lager nye verk, musikk og/eller tekst, eller som arrangerar eller gjer om på allereie eksisterande verk. Komponisten, tekstforfattaren eller arrangøren eig rettane til verket. Dersom du sjølv ikkje vil passe på når og kvar verka dine blir framførd, kan du overdra desse rettane til TONO som forvaltar rett til framføring for musikkverk i Noreg. Forvaltninga av de mekaniske rettar (innspelt musikk) overdrar TONO vidare til NCB (Nordisk Copyright Bureau).TONO representerer komponistar, tekstforfattarar og musikkforlag, og har gjennom avtalar med tilsvarande selskap i andre land i praksis forvaltingsrett for heile verdsrepertoaret i Noreg. 

TONO innkasserer vederlag ved kringkasting og annen offentleg framføring av musikkverk. Desse pengane blir så fordelt til rettshavarane til dei framførte verka.

70 år etter at komponisten er død faller denne retten vekk. Det er også ein føresetnad for forvaltinga av slike rettar at det finnes ein kjend komponist som er registret i TONO til verket.

Relevante lenker:

            TONO: www.tono.no

            NCB: www.ncb.dk

 

 

Tradisjonsberar

Tradisjonell folkemusikk - musikk som er utan kjend opphavsmann - har altså ikkje vern etter Åndsverklova, og er heller ikkje verna i internasjonale konvensjonar slik musikk som har kjend opphavsmann er. Lovgjeving og regulering som finnest på dette området, både nasjonalt og internasjonalt - er kome til etter initiativ frå komponistane, og er derfor ikkje tilpassa den tradisjonelle folkemusikken. 

NFD meiner at den tradisjonelle musikken - som lever i munnleg tradisjon - treng ein type vern i dag. Stadig fleire artistar utanfor folkemusikkmiljøet tar i bruk tradisjonell folkemusikk som grunnlag i sin eigen musikk. Og når slik nyskapa musikk genererer inntekter blir ikkje noko førd tilbake til dei tradisjonsberarane som held oppe og vidarefører den tradisjonelle musikken. Berre dei som har arrangert eller laga ein ny variant av det opphavlege verket mottek slike vederlag slik systemet fungerer no. 

Mange såkalla utviklingsland som har sterke tradisjonar er også opptekne av dette, og i WIPO (World Intellectual Property Organization) - der også Noreg er medlem - blir det arbeidd med eit nytt internasjonalt regelverk for mellom anna tradisjonell kunnskap (”traditional knowledge”) og tradisjonelle uttrykk (”folklore” eller ”traditional expressions”). Men dette arbeidet tek lang tid…      

Relevante lenker:

WIPO : www.wipo.int - Traditional Knowledge (TK)

Les også bakgrunnsartikkel om WIPOs arbeid 

- laga til fagprogrammet under ÁRINN 2005