Rannveig Djønne og Anlaug har begge fått god merksemd for sine soloprosjekt. Dei har også spela mykje saman, og har turnert i m.a. Noreg, Tyskland og Italia. I dag kjem den fyrste plata deira som duo, ”Toras Dans – Populærmusikk frå Hardanger”. 
 
Sjølv om plata ikkje har vore ute før no, har den alt fått særs fine meldinger. Avisa Hordaland meiner mellom anna at ”dei to jentene skriv melodiar som går rett til hjarta på deg, anten dei boblar over av liv og glede eller er såre og vemodsfylte”. Nils Kvamsdal skriv vidare at resultatet er ”særs vellukka”, der ”spora med tostemt song hevar albumet frå godt til glimrande”. 
 
Også Bergens Tidende er særs nøgde med den nye plata. ”Musikken er solid rotfestet i tradisjonen fra Hardanger, selv om melodiene er nye”, skriv Olav Gorset, og held fram slik: 
 
”Instrumenteringen er beskjeden, her er det ikke stort å gjemme seg bak. Det trenger de da heller ikke. Begge er svært dyktige utøvere og fremfører sangene sine med både autoritet og inderlighet.” Han kallar Djønne og Børsheim for ”temmelig kompromissløse”, enten de ”ligger nært opp til en kan kalle tradisjonell folkemusikk eller beveger seg nærmere visesangen”.
 
Børsheim og Djønne skal no ut på turné, og vil då spele konsertar desse stadene: 
 
  • 17. november: Sævelid, Voss
  • 18. november: Bar Barista, Bergen
  • 23. november: Trudvang, Granvin
  • 24. november: Drøs, Ulvik
  • 24. november: Ekspedisjonen, Lofthus
  • 25. november: Skolen, Djønno
  • 7. desember: Verkstedet, Oslo
 
Søndag 2. desember kan du også sjå og høyre Rannveig Djønne på Riksscenen i Oslo, der ho skal prate og opptre i lag med Tuva Syvertsen. Elles fortset Folkemusikkmessa til Djønno å leve sitt eige liv, og vil m.a. bli framførd i Utne Kyrkje sundag 18. november. 
 
"Toras Dans" er no tilgjengeleg hos m.a. iTunes og WiMP. Du kan lese meir om plata, som er produsert av Esbjørn Hezelius, på www.djonno.no, eller www.annlaugborsheim.no