Maria Høgetveit Berg har vore leiar av FolkOrg sidan samanslutningen mellom Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk- og Danselag i 2009. På årsmøtet i Oslo vart ho takka av med blomer og ståande applaus frå salen.  
 
Den nye styreleiaren for FolkOrg er Per Øyvind Tveiten, som til dagleg er teknisk sjef i Kvam kommune. Han står i Kvemmingen Spel- og Dansarlag, og er også leiar for Hordaland Folkemusikklag. 
 
Med seg i FolkOrg-styret får han to nestleiarar. Mari Skeie Ljones frå Lillehammer held fram frå fjoråret, og representerer yrkesutøvarane. Ny nestleiar er Helene Myklemyr Bolstad, som opphaveleg er frå Jostedalen, og no bor I Skjolden.  Ho tek over etter Nils Øyvind Bergset, som var ein av dei viktigaste arkitektane bak samaslåinga for fire år sidan.
 
Helene Myklemyr Bolstad, Per Øyvind Tveiten, Mari Skeie Ljones
Elles held Aslak O Brimi og Tor Stallvik fram i FolkOrg-styret, medan Sigurd Johan Heide og Åshild Vetrhus valde å takke av. Nye i styret er Erlend Viken og Ellen Persvold. Som vararepresentantar sit no Åshild Vetrhus, Tove Leinslie og Kennneth de Gala. Her var det Torunn Raftevold Rue og Dag Hovda Sture som takka av. 
 
I fagutvalet for yrkesutøvarar finn vi no Vegar Vårdal, Åshild Vetrhus og Silje Onstad Hålien. I tilsynsnemnda sit Audhild Rygg, Jan Lislien og Arne M. Sølvberg. 
 
Linda Dyrnes held fram som dagleg leiar av FolkOrg. Med seg i administrasjonen har ho no Jorun Hagen, Arvid Skancke-Knutsen, Trond Stenseth Moe, Rannveig Djønne, Andreas Ljones, Knut Aastad Bråten og Anbjørg Myhra Bergwitz. Marit Vestrum har for tida barselpermisjon. 
 
Årsmøte på Riksscenen i Oslo, 2012
Folkemusikkk.no kjem tilbake med meir frå Årsmøtet 2012, som vart arrangert på Riksscenen for folkemusikk og folkedans I Oslo. På denne samlesida finn du meir om organisasjonen, og om sakene som vart handsama på Årsmøtet.