29 år gamle Kim André Rysstad frå Rysstad i Setesdal, er folkemusikar, kvedar og songar. Han har vore elev av Kirsten Bråten Berg, Ånon Egeland og Ragnhild Furholt, og har studert ved Folkekunststudiet i Rauland og ved Ole Bull Akademiet.

I 2007 sleppte han debutalbumet ”Tak hardt uti hand” – ei samling folkeviser og mellomalderballadar utgjeven på Etnisk Musikklubb. Albumet blei kåra til ”Årets soloalbum” under bransjetreffet Folkelarm året etter.

I samband med utgivinga skreiv Vårt Land at ”allerede med sin debut står Kim André Rysstad frem som en stemme for alle tider”. Plata fekk òg fem av fem stjernar i det internasjonale folkemusikkmagasinet Songlines. I 2009 vann Rysstad dessutan INTRO-folk, og blei av Rikskonsertane og FolkOrg kåra til ”Årets unge folkemusikar”.

Juryen uttalte den gång følgjande: ”Kim André Rysstad er tro mot tradisjonen samtidig som vi opplever en tydelig ambisjon om å utvikle og utvide denne. Vi er overbevist om at denne unge kvederen bærer i seg muligheten til å utvikle et særegent uttrykk preget av sin personlige fortellerevne, tilstedeværelse og musikalitet. Han har et uttrykk som både vil berøre og begeistre mange i årene som kommer.”

No slepper han det andre albumet sitt, ”Vegen”, der han framfører eigne songar, nyskriven musikk og norske folkeviser med musikarar. Den norske folkemusikken står framleis sentralt, men han skal også ha henta inspirasjon frå den amerikanske folktradisjonen og frå førebilete som Dolly Parton.

Sjølv seier han: - Mangfald er ein god ting. Ein er nøydd til å blande sjangrar og herje rundt litt for at musikken skal drivast framover. Det er viktig med nokre urokråker også i folkemusikkmiljøet!

– Det viktigaste for meg er å få lov til å synge ut. Synge slik jeg sjølv vil, utan å føle meg bunden av ein sjanger eller ein tanke om kva som er rett og galt.

Kim Andre Rysstad skal snart ut på turné for Rikskonsertene, og tek då med seg Georg Buljo (gitarar),  Trym Bjønnes (gitarar), Sondre Meisfjord (bass ) og Christian Svensson (perkusjon). I tillegg vil Berit Opheim vere spesiell gjesteartist.

Her er turnéruta for Rikskonsertene hausten 2011:

  • 20.september: Kulturhuset i Suldal
  • 21.september: Kabuso, Øystese
  • 22.september: Hovden grendehus
  • 23.september: Bø jazzklubb
  • 24.september: Union Scene, Drammen
  • 27.september: Bakkenteigen, Horten
  • 28.september: Asker kulturhus
  • 29.september: Riksscenen, Oslo

”Vegen” er ute på Heilo, som er eit underselskap hos Grappa. Du kan høyre smakebitar av heile albumet på denne sida hos Musikkonline.no. Nettsidene til Rikskonsertene finn du som vanleg her.