Britt Pernille Frøholm er frå Hornindal i Sogn og Fjordane og har folkemusikken derifrå som sitt fundament. Ho har også jobba i meir eksperimentelle retningar med hardingfele og har fleire plateutgjevingar bak seg.

I løpet av dei neste vekene skal ho mellom anna opptre på den prestisjetunge Huddersfield Contemporary Music Festival med ei urframføring av "Mobius ii", eit verk for hardingfele og elektronikk komponert av engelske Rose Dodd.


TURNÉRUTE

16.nov:  Aberdeen Folk Club
17.nov:  Gadie's Restaurant, Oyne
18.nov:  Fyvie Folk Club
19.nov:  Alford Heritage Hall
20.nov:  Scots Fiddle Festival, Edinburgh
23.nov:  Huddersfield Contemporary Music Festival
26.nov:  Huddersfield
30.nov : The Box Place, Newcastle