”Når du er borte” i ei framsyning der fokus ligg på spennet mellom liv og død, å vera, ikkje vera og det å nesten vera. Her får du oppleva Jon Fosse sine tekstar og tradisjonelle gravferdssalmar. Framsyninga gir ord til trøyst og forsoning for dei som har mista nokon.

Saman med Sigbjørn Apeland frå Sveio på trøorgel/piano, som på turneen er vikar for Andreas Ulvo,  framfører songarane Åshild Vetrhus frå Suldal og Solbjørg Tveiten frå Kvam gravferdssalmar frå Ryfylke og Hardanger, sett saman med tekstar av Jon Fosse. Mette Brantzeg har regien i framsyninga der det sterke og ærlege i melodi- og tekstmaterialet vert formidla. Jon Fosse sine tekstar viskar ut grensene mellom liv og død og gir dei tradisjonelle gravferdssalmane relevans i samtida.
 
 
Spelestader:

Kabuso, Øystese – torsdag 20. sept. kl 1930
Sandviken kirke, Bergen – fredag 1. okt. kl 1900
Valestrand kulturkyrkje, Sveio – søndag 3. okt kl 1900
 
 
LYDSJEKK: www.myspace.com/naarduerborte