Osterøy Spel- og Dansarlag (OSDL) vart skipa i 1976. Etter nokre år med relativt få felespelarar i laget, byrja rekrutteringa å ta seg opp utover 1980-talet. Oppgangen skuldast hovudsakleg at Jon Jelmert kom til Osterøy i 1982. Han inspirerte mange unge til å  byrja å spela fele. Meisterspelemannen Håkon Høgemo, førsteamanuensis på Noregs Musikkhøgskule,  busette seg på øya på 90 talet, og førte dei vidare. Laget har no ein ny generasjon med dyktige spelemenn og spelekvinner. Geir og Jartru Reigstad har stått for ein stor del av vidareføringa av dansetradisjonar, særleg har dei teke i bruk og lært vidare dei lokale danseformene, slik som Springar frå Osterøy.  Laget har også nokre svært aktive og dyktige utøvarar på toradar. I 2003 gav OSDL ut CD’en «Spikjespel», der 28 av lagsmedlemma deltok. I år er laget klar med sin andre CD.

Lagssamansetnad og aktivitetane i laget.
Laget har i underkant av 60 medlemmar. Dei fleste som er aktive, driv med spel.

Laget har jamnlege speleøvingar for seniorane og juniorane. Osterøy Spel- og Dansarlag har nyleg starta ei juniorgruppe i hardingfelespel, som er samansett av born i alderen 5 til 11 år. Dei har faste øvingar med Tuva Thomassen, og har allereie vore med på ”Gro-kurset”, spelt på sjukeheimen og hatt oppvarming på museet for kjende folkemusikkgrupper.

Gruppa ”Fela Liv”, såg dagens lys på eit helgekurs i slåttearrangering våren 2008. Fela Liv deltok under Vestlandskappleiken i ’08, der dei vann open klasse. Gruppa er samansett av unge felespelarar, og ulike klavervariantar, som piano og cembalo. 20. mai slepp gruppa cd-utgjevinga ”Fela Liv”.

Laget deltek årleg på arrangementet ”Liv i gamle stover”, på Osterøy museum. I år skal både juniorene og seniorane delta på det store og populære familiearrangementet 20.mai.

OSDL og OsterøyBelgen er i år arrangørar av Vestlandskappleiken. Møteplass og tevlingsstad denne gongen er i Lonevåg på Osterøy, 5. - 7. oktober 2012.

OSDL og Osterøy museum står bak den etablerte Folkemusikkarenaen på Osterøy, med føremål å gje eit fastare, betre og føreseieleg folkemusikktilbod til unge og vaksne på Osterøy og dei næraste bygdene. Det er halde seks konsertar det siste året. Det er god breidde i musikken og både det lokale og det globale har vore representert. På alle konsertane var unge musikarar uansett sjanger inviterte som oppvarmarar.  

Utfordringar framover
Dei siste åra har folkedansen på Osterøy vore ”nede i ein bølgjedal”. Me meiner det er viktig at skuleborn tidleg får kjennskap til folkedans generelt, og dansen frå Osterøy spesielt. Lokalkunnskap er særleg viktig i tider med sterk påverknad frå ulike hald utanfrå. Om ikkje barna får denne lærdomen med seg gjennom skulegongen, vil me kanskje stå i fare for at dansen døyr ut. OSDL ynskjer å freista få opp att interessa for folkedansen på Osterøy. Osterøy Spel og Dansarlag starta eit danseprosjektet i grunnskulen, hausten 2009. Me har tilbydd elevane i skulane på Osterøy opplæring i folkedans. Laget klarte å etablera eit godt samarbeid med grunnskulen. Me har kunnskapen og erfaringa, og skulane har elevane og ”læreplanen”. Det siste året har det vore vanskeleg å få økonomisk stønad, og det har gått med mykje fritid og svært låg løn til dei tre som reiste rundt til skulane. Laget har difor bestemt seg for å ikkje halda fram med prosjektet neste skuleår. Derimot er det no opna for å kunne velje folkedans i kulturskulen, der også ungdomslaget skal vere ein viktig aktør.
 
- Hilde Midtbø (leiar i OSDL)
 
Her kan du høyre lydklipp frå Osterøy Spel- og Dansarlag
 
Fleire slåttar kan du høyre her
 
Unge felespelarar i aksjon
 
I djup konsentrasjon under innspelling av ny cd.
 
 
Folkemusikk.no påminn om prisen til årets lokallag. FolkOrg ynskjer å løfta fram det gode arbeidet som lokallaga gjer gjennom mellom anna å dela ut prisen for ”Årets lokallag”. Prisen er ein pengepremie på 10 000 kroner. For utdeling av prisen for årets lokallag i 2012 ynskjer FolkOrg å vektleggje godt rekrutteringsarbeid innan folkemusikk og folkedans. Det kan vera lokallag som driv rekrutteringsarbeid sjølve, og/eller har godt samarbeid med kulturskular, Noregs Ungdomslag m.m. Einskildmedlemmer, lokallag og område/fylkeslag kan senda inn forslag med grunngjeving. Fristen for innsending er 15. juni. Forslag skal sendast inn til rannveig@folkemusikk.no.