Konsert med Leif Inge Schjølberg
Det er spelemannen Leif Inge Scjhølberg frå Vågå som held årets konsert på Oslokappleiken, fredag den 30. oktober kl. 20.00. Leif Inge Schjølberg har lært av ein rekke spelemenn som Ola K. Flaten, Petter Eide, Ola Opheim, Jacob Skogum, Mathias Bergsvendsstuen, Hans. H Holen og Kristian Gården. Men og av bestefaren Leif, og faren, som er av dei aller beste vi har på fele. Leif Inge har i saman med gruppa si Visdals Kvartett gjeve ut to CDer og en kassett. Dei har vunne landsfestivalen tre gonger og han har vunne landskappleiken tre gonger i solo fele. Elles har han reist og halde konsertar i Sverige og Danmark og har halde kurs i England og USA fleire gonger. Han har to solo utgjevingar ”Storsagje” og ”fele-ljom”.

Kappleik
Laurdag er det sjokoladekappleik for dei minste kl. 11-13 og vanleg kappleik deretter.

Fest og dans
Mange spelemenn skal spela til dans på festen om kvelden, m.a. Tellef og Guro, Spelemannslaget dei Frilyndte, Mats Johansson, Eilev Groven Myhren, Laura Ellestad, Gamlebanken med Venner, Bærum Spellemannslag, Øvrevolls Spelemannslag og Erik Sollid/Lars Underdal m.fl.

Alt skjer i Nordahl Brunsgt. 22 i Oslo sentrum.

Besøk Laget for folkemusikk i Oslo på nettsida deira: