Rikskonsertene satsar stort på denne festivalen, og har flydd inn artistar frå heile verda til Oslo, mellom anna stjerner som fadosongaren Katia Guerreiro frå Portugal eller Khaled frå Algerie.

Dette er altså ein verdsmusikkfestivalen - og det er i mindre grad tradisjonsmusikken som står i sentrum, sjølv om det sjølvsagt er lett å høyre at musikken har sterke røter i det tradisjonelle.

Innslaget av det ein kan kalle norsk verdsmusikk er lite på festivalen - korkje samisk eller norsk "verdsmusikk" blir presentert, men etter litt leiting fann eg ein barnekonsert der Nina Fjeldet, Rikke van Ommeren og Mari Forr Klåpbakken deltek.