I jubileumsåret for Sigbjørn Bernhoft Osa har styret i Ole Bull Akademiet vedteke å dele ut Osaprisen til ein musikar som Sigbjørn var ein stor inspirator for, og som i mange år hadde eit nært samarbeid med Sigbjørn.

Dei treftest første gongen i 1979, då prisvinnaren var solist med eit Nasolkurs-orkester på Lillehammer. Tidleg på 80-talet møttest dei på fleire kurs på Ole Bull Akademiet, og hadde i desse åra jamleg kontakt. Sigbjørn sende stadig den unge fiolinisten og hardingfelespelemannen  feletekniske tips, og dei spela i lag på fjernsyn og på plate. Sigbjørn hadde tru på den unge musikaren, og han var oppteken av å lære frå seg av repertoaret sitt. Dei gjekk m.a. nøye gjennom Geirr Tveitts hardingfelekonsert "Tri fjordar", eit verk som prisvinnaren seinare har framført eit titals gonger, både i Noreg, Finland, Tyskland og England.

Foto | Lars O Flydal
Foto |  Lars O Flydal

Ypparleg representant
- Prisvinnaren har arbeidd systematisk og målmedvite for å nå toppen som formidlar og utøvar. Han har gjennom utdanning søkt kunne og ferdigheit i musikken, og har gått i lære hjå dei beste læremeistrane. Prisvinnaren har på ein personleg og engasjert måte formidla  musikk i Ole Bulls og Sigbjørn Osas ånd, heiter det i styret si vurdering

  - Han har søkt mot det tradisjonelle og særeigne, samstundes som han gjennom eigne komposisjonar og klangbilete har søkt ut over dette og nådd eit nytt og breitt publikum. Gjennom samarbeid med andre har han dyrka det eksperimentelle og moderne, og er soleis ein formidlar og utøvar som beherskar eit variert og breitt uttrykksregister, frå det virtuose til det lyriske og vare. Årets prisvinnar er soleis ein ypparlege representant for den musikalske tanken og det musikalske uttrykket som Sigbjørn Bernhoft Osa stod for. 
 

”Prisvinnaren har på ein personleg og engasjert måte formidla musikk i Ole Bulls og Sigbjørn Osas ånd”


Årets prisvinnar er fødd i Haugesund i 1961. Etter eksamen frå Rogaland musikkonservatorium og Norges Musikkhøgskole studerte han klassisk fiolin med Terje Tønnesen, og hardingfele med Knut Hamre. Eit stipend førde han til Musikkakademiet i Budapest, der han arbeidde mykje med sigøynarmusikk. Seinare blei det studiar i Amsterdam, der han særleg blei oppteken av komponisten/fiolinisten Heinrich Ignaz Franz von Biber. Gjennom studiar av tidlegmusikk blei han fascinert av eit instrument som nesten ikkje var i bruk lenger: viola damore. Han er i dag ein sentral utøvar av dette instrumentet.

Årets prisvinnar har gitt ut ei rekkje plater, og har hatt konsertar i dei fleste europeiske landa. Han har vore musikar i ei rekkje ensemble og musikkgrupper, og har eit repertoar som femner om norsk folkemusikk, populærmusikk, tango og sigøynarmusikk, og klassisk- og tidlegmusikk.
 

>> Høyr musikk med Nils Økland (Spotify)