Det er for tidleg å sei noko om økonomien, då det har vore budsjettert med fleire artistar og dermed høgare kostnader.

- Det ser uansett ikkje mørkt ut, sidan billettsalet har gått opp, heiter det.

Med KuriOsa som tema ville Osafestivalen i år presentere "kuriøse" konsertar, i form av det overraskande, eksotiske og fasinerande.

- Eit kobbel av førsteklasses musikarar gav utsøkte konsertar som romma glitrande spel,  improvisasjon, overskot, energi mm. Ei nyvinning av året var at alle konsertane vart blåse i gang med meir elle mindre kuriøse blåseinstrument, ein liten vellukka festival i festivalen! Vel blåst, sier ferstivallleiinga.

Etter ei storslått opning med Susanne Lundeng solo stod høgdepunkta i kø. Avisa Hordaland skriv: ”Arrangørane burde berre ha låst dørene og kasta nøkkelen, så hadde suksessen vore eit faktum. Men det er den nok i alle fall. Herifrå berre stig det.”

- Og steig gjorde det. Sofia Karlsson "trollbatt ein fullsett Fraktgodsen fredag kveld med sitt silkemjuke jerngrep", skreiv avisa Hordaland, som også roste tingingsverket til Frode Fjellheim i høge ordelag.

Andre artistar under Osafestivalen 2011 var m.a. Knut Hamre, Nils Økland, Sigbjørn Apeland, Alexandra Opsahl, Currentes, Spindel, Sver, Oslo kammerkor, Berit Opheim Versto, Gjertruds sigøynerorkester, Nils Henrik Asheim, Sjur Hjeltnes, Aasmund Kaldestad, Småviltlaget, Voss Spelemannslag, Studentar frå Norges Musikkhøgskole og Ole Bull Akademiet sine studentar, Bufaste tonar med Krudlalaget frå Sogn og småkvedarane frå Voss.

Interesserte kan lese meir om dei einskilde tilskipingane på www.osafestivalen.no. Du finn også relaterte artiklar øverst til venstre på denne sida.