Osafestivalen har som profil å vere ein møtestad for klassisk musikk (med vekt på tidlegmusikk), folkemusikk og andre genrar og i år er fokuset retta mot virtuosane.
- Virtuositet er ikkje berre å spille høgt, sterkt og fort. Ein sann virtuos har også evne til å improvisere, overraske og fascinere! Virtuosen er ein overbevisande retorikar med eit oppsiktsvekkjande bodskap. Slike musikarar frå nær og fjern vil Osafestivalen presentere i år, heiter det i ei pressemelding frå festivalen.
I år er det 20. gongen Osafestivalen vert arrangert, Ole Bull ville feira 200-år og Sigbjørn Bernhoft Osa 100 år. Desse jubilea vil bli markera på festivalen med både konsertar, seminar og filmframsyningar.
Ein av dei som vil markere dei ulike jubilea er Ole Bull-spesialist Arve Tellefsen som var god ven av jubilanten Sigbjørn Bernhoft Osa. Tellefsen skal opne årets jubileumsfestival og vil halde ein konsert der han kåserer rundt Ole Bull og Sigbjørn Bernhoft Osa og presentere musikk knytt til dei to. Ved flygelet får han fylgje av Håvard Gimse. Under opninga blir det også utdeling av Osaprisen 2010.
TINGINGSVERK: Verdalsvirtuosen Gjermund Larsen står for årets tingingsverk på Osafestivalen. |
Tingingsverk av Gjermund Larsen
Virtuositet står i høgsetet i årets tingingsverk som er signert felevirtuos og komponist Gjermund Larsen. Larsen har tatt mål av seg å få TrondheimSolistene til å uttrykke seg i folkemusikalsk stil, og med seg har han bror Einar Olav. Saman står dei for dei solistiske innslaga på fele i lag med orkesteret. Kunstnarane, musikarane og ikkje minst personane Ole Bull og Sigbjørn Bernhoft Osa er inspirasjonskjelda til verket.
- Få har betydd så mykje for folkemusikken og omdømet i Noreg som desse. Eg er sterkt inspirert og begeistra av deira liv og virke, og ser veldig fram til å skriva eit verk i deira jubileumsår, seier Larsen
Imponerande og variert artistliste
Lista over artistar som står på plakaten i år imponerande og inneheld både etablerte og unge virtuosar. Blant artistane på årets festival finn du Arve Tellefsen, Trio Mediæval, Nils Økland, Rolf Erik Nystrøm, Leif Rygg, Aasmund Nordstoga band, Kim André Rysstad, Ingebjørg Harman Bratland, Aage Kvalbein, Frigg, Eli Storbekken med band, Ensemble Cordevento, Bergen Domkor, Galder, med mange fleire.