Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Opphavsrett og folkemusikken

På desse sidene kan du lesa litt grunnleggjande informasjon om desse spørsmåla, pluss om NFD sitt arbeid på dette området.

Opphavsrett og folkemusikk er ei sak mange folkemusikkutøvarar og tradisjonsberar har vore opptatte av og frustrert over i lang tid. Slik dette fungerer i dag er det grovt urettferdig - fyrst og fremst fordi det tradisjonelle repertoaret som lev i munnleg tradisjon er utan vern, både i den norske Åndsverklova og i internasjonalt regelverk. Det betyr at det breie miljøet av tradisjonsberarane som held dette repertoaret oppe og vidarefører det til nye generasjonar ikkje får noko igjen om repertoaret genererer inntekter for artistar/ arrangørar og plateselskap.

NFD har i sine vedtekter slått fast at laget skal arbeide for reformer i lovgivinga til fremje av medlemene sine faglege, økonomiske, kunstnarlege og sosiale interesser. Opphavsrett er eit viktig område i denne samanhengen. Derfor har laget i lang til arbeidd for å gjere medlemmene meir medvitne i forhold til desse spørsmåla, og derfor har NFD også målretta arbeidd med å få til betre lovvern for det tradisjonelle repertoaret og for å gje tradisjonsberarane noko tilbake når den tradisjonelle musikken spelar inn pengar gjennom sal av plater og kringkasting.

Del artikkelen:

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk