Olav Ivar Rise (1912-2002), heidersmedlem i LfS frå 1994, er initiativtakar og dermed den sjølsagte ledar, både administrativt og musikalsk. Sjøl om dei fleste aktive spellmennene er oppdalingar, er fleire sentrale medlemmar utanbygdsfrå: Melvin Tronsgård, Folldal, Einar Høsøien, Røros og, etter kvart, Asbjørn Blikken, Skjåk.
Skjåkværen Rikkar Skjelkvåle blir ein viktig katalysator. Slik fortel Olav sjøl korleis det var: Ein dag i femti-årom, midt i travlaste slåttonna, ringte ein kar frå Gudbrandsdalen som sa: ”I kveld kjøm e nordover med toget for å høyre deg spella”. Det var Rikkar Skjelkvåle som kom. Eg ser honom enno for meg da han kom stigande i skinnhuve og buserull, knebukse, gråe rettrendsokkar og pluggasko – og med ein gamaldags jordmorkoffert i ei hand og feleskrinet i den andre. Den natta sto vi og spela til sola var komen godt opp på himmelen. Da skulle Rikkar ta eit tidleg godstog sørover, og eg skulle hente hestane og sela på til slåttekarane kom”. Dette besøket blir ”ein retteleg kveik” for Olav: ”Samspel måtte det jammen bli meir av!
Melvin, Einar og Asbjørn var flinke utøvarar med sterke tradisjonar. Derfor var det naturleg at desse kom til å prege laget i mange år framover. Såleis vart sjølsvår tradisjon lite påakta dei første åra, sjøl om det slett ikkje skorta på lokalt slåttetilfang. Ola J. Rise (gjennom sonen Olav), Ola Nerlo, Halvard Bjørndalseter og Håkon Vognild er mellom dei viktigaste kjeldene til spellmannslaget.
Etter femti, har Oppdal spell- og dansarlag ein solid plattform å stå på, både når det gjeld slåttemusikk, lokale danseformer og song. Laget er aktivt og har hevda seg godt både på landskappleikar og landsfestivalar, både som lag og gjennom soloutøvarar.
Oppdal spell- og dansarlag har lagt eit svært aktivt år attom seg. Vi har i stor stil feira oss sjøl, 50 år er da ingen alder for ein vital jubilant. Aldri har vi vore fleire på vanlege kvardagsøvingar, 20 stk. i snitt. Det lovar ualminneleg godt for dei næraste åra. Vi ramsar opp jubileumsarrangementa gjennom heile 2009:
27. mars: To minikonsertar i Nordviken der laget presenterte seg både i solo og samspell, som ei reise gjennom femti år. Godt oppmøte.
29. april: Dialektkveld i OMM med den kjente dialektradiomannen Tor Erik Jenstad, eit populært tiltak med svært godt oppmøte.
17. oktober: Jubileumsfest på Halsetløkka, der Anne og Ole Halset deltok med gratis husvære. Storveiest! Det vart ei flott markering med prolog av Inge Godtland, middag, kaffe og underhaldning. Laget fekk fem nye heidersmedlemmar: Arne Bakken, Sverre Bjørkås, Bjørg Golten Sneve, Tore Sneve og Erik Sverre Viken. Frå før har laget fire: Olav Ivar Rise (utnemnt 1989), Ivar Innerdal (2007), Inge Godtland (2007) og Tore Viken (2008).
21. november: Jubileumskonsert i Kulturhuset. OSD skapte ein framifrå konsertkveld i lag med innleigde hjelparar: Åsmund og Ingebrigt Flaten, Christin Hoff og dansarar frå Lenes Dansesenter. Målet vårt var å vise fram mangfaldet i kulturen vår, kanskje ruske opp i gamle fordommar folk jamnt over har. Og dette lykkast vi med, skal vi dømme etter responsen.
På denne konserten vart jubileumsboka vår presentert: Femti år med spell og dans. Oppdal spell- og dansarlag 1959-2009. Redaksjonskomiteen besto av Tore Fagerhaug, Sverre Bjørkås og Tore Viken. Boka inneheld mange artiklar av 17 forekjellige skribentar, over 140 bilder og 38 noter. Boka, med det vakre omslaget til Tone Rise Viken, fekk svært god mottaking. – Og den kan du få kjøpe.
Jubileumsmarkeringa vart avslutta med eit godt gjennomført arrangement av Trøndelagskappleiken, laurdag 6. februar, på Oppdal videregående skole. OVS egnar seg ypperleg til slike små og intime tilstelningar.
I tillegg var vi sjølsagt med på LK/LF på Geilo, med svært godt resultat.
Og ikkje minst: Laget har hatt ei lang rekkje med opptredenar lokalt. Det er alltid triveleg. Vi vil spesielt trekkje fram deltakinga vår ved friluftsgudstenesta på museet, der biskopen deltok. Det var eit løft.
Det har i mange år vore vanskeleg å få fart på tradisjonsdansen vår. Dette ser det no ut til å bli ein snunad på. Opplæringa skal foregå gjennom Lenes Dansesenter med Ann Kristin Bjerkaas som instruktør. I tillegg blir det hallingdanskurs.
Onsdag 3. mars var det årsmøte. Slik ser det nye styret ut:
Sverre Bjørkås, ledar
Tore Viken, nestledar
Palmer Gotheim, kasserar
Tore Fagerhaug, skrivar
Eirik Lund, ledar i musikalsk utvalg
Knut Erik Godtland, varamedlem
Heidi Godtland, varamedlem