Master Class Hardanger er for alle som spelar hardingfele og ynskjer å fordjupe seg meir i spelet og tradisjonen. Prosjektet vart gjennomført fyrste gong hausten 2013 med 10 deltakarar frå Hordaland. Tilbakemeldingane var svært gode og no vert det lyst ut ny søknadsrunde.
Nytt dette året er at det er ope for søkjarar frå heile landet.
Kriteria for å vera med er at ein er hardingfelespelar på 16 år eller meir. Utveljing av deltakarar skjer etter at dei har sendt inn slåttar på lydspor.
Inntil ti heldige utvalde får tilbod om ti individuelle enkelttimar med hovudlærar Knut Hamre, i tillegg til deltaking på to inspirerande helgesamlingar. Her vert det konsertar, føredrag og workshops med kapasitetar som Åse Teigland, Frank Rolland og Knut Buen.
Enkeltundervisinga med Knut Hamre føregår i Kjerlandsstova i Granvin bygdetun, og tek til i september. Heile opplegget, inkludert helgesamlingane, er fordelt på tre bolkar i løpet av september, oktober og november. Avslutningsvis vert det konsert med alle deltakarane og andre involverte.
Søknadsfristen er 1.mai