Leiar for Landsfestivalen 2011 på Oppdal, Øyvind Sandum, skriv på nettsidene deira at "etter påmeldingen å dømme vil dette bli en variert og spennende klasse, der vi vil få høre solister og grupper som leker seg med nye vinklinger innenfor gammeldanssjangeren." Dette lover fantastisk bra for ei klasse eg har ynskd å sette fokus på. Eg vil her skrive litt om korleis eg ser på denne klassa. Som styremedlem har eg vore med på debatten kring landsfestivalens form og framtid, mellom anna har vi prata om Open klasse.

Følgande står om Open klasse i tevlingsreglementet: "I open klasse vil ein oppmode til å bruke så vel eldre samspelformer og instrumentsamansettingar som nytenking og eksperimentering. Klassen er for både solo og samspel. Det skal ikkje vere noko avgrensing i instrument. Max tid pr. startnummer er 6 min."

Ordbruken Sandum nyttar i sitt innlegg, er det eg meiner er viktig for utøvarane å få med seg: Å leike seg med nye vinklingar. For mitt utgangspunkt er at eg ofte har følt at Gruppespel og Open klasse har hatt store likskapstrekk - kanskje for store. Dette har kanskje blitt enda meir utfordrande med dei endringane som har vore gjort i reglementet dei siste åra.

La meg skrive litt om Gruppespel fyrst. Eg meiner å ha opplevd ei standardisering innafor denne klassa. Her har det kanskje vore uskrevne reglar om kven/kva som "passar inn". Dette skal vi passe oss for. Per i dag seier reglementet at det er fri instrumentering (!) i denne klassa (som i Open klasse). Må ein ha komp? Nei. Må det vere trekkspel med? Nei. Så lenge gruppa er to eller fleire, og slåttane er dansbare, og at minst halvparten av slåttane er runddans, så har ein lov å stille. Det kan vere ein toradar og ei fele, ein klarinett saman med eit trekkspel og trøorgel, eller ein trekkspelklubb. Eit hovudpoeng er: Dansbart.

Kva da med Open klasse? Eg meiner det er eit utfordrande spørsmål å svare på, og eg legg ikkje skjul på at eg er av dei som meiner at klassa til tider har vore overflødig. Og kanskje i enda større grad er det det no, grunna fri instrumentering i båe klassar. Men, eg kan lett la meg overtyde. Målet må da vere at Open klasse blir ein variert og interessant konsert som skil seg frå Gruppespel.

Det eg tolkar er av det som skil Open klasse frå Gruppespel er at (1) du kan stille solo, (2) ikkje alt ein spelar treng å vere dansbart, (3) det ein presenterer skal vere nytenkjande, og ein bør utfordre runddansmusikken arrangeringsmessig i større grad enn det ein treng å gjere i gruppespelklassa, og (4) - mitt heitaste tips - ein bør tenkje konsertnummer, ikkje spel til dans. Det er ikkje dansespelfinale i open klasse.

Eg gler meg stort til landsfestivalen på Oppdal, og gler meg særleg til Open klasse. Eg vonar eg vert overtydd om at Open klasse har livets rett, og at klassa - som det er meint - fyller tomrommet utanfor gruppespel, lagspel og soloklassane.

Aslak Opsahl Brimi