Adr.: |
v/Knut Egil Kristiansen, Luragt. 35A N-4307 Sandnes |
Tlf1: | (+47) 51 62 45 57 |
Tlf2: | (+47) 920 36 876 |
Web: | Nettside |
OnkelFolke
Ny norsk folkemusikk - Fengande - Rett på sak. Onkelfolke er ein framståande eksponent for den nye bølgja av sterke og spennande folkemusikk-grupper i Norge. Med tydelege røter i norske folkemusikktradisjonar presenterer dei viser, balladar, springar, pols og halling i kraftfulle og originale arrangement. Sterke vokalprestasjonar, suggererande gitar og perkusjonspel, homogen klang og flott samspel. Med eit moderne akustisk og tiltalande lydbilde gjev dei norsk musikkliv ei viktig utgjeving. Eit heilstøypt album produsert av Leiv Solberg (NRK). Gruppa består av:
Gro Kjelleberg Solli (vokal og fløyte)
Tove Solheim (fele og hardingfele)
Audun Eken, (trerader)
Øystein Sandbukt (gitar)
Knut Egil Kristiansen (perkusjon og vokal)
Diskografi
Kasta Beinet (NORCD, 2005)
Konsertreferansar
Turné for Folkeakademiet i Agder, Spillemandstræff i Danmark, Nordsjøfestivalen Sailors´s Wake, Landskappleiken, Stavanger Kulturhus.
Leiar for Nordsjøfestivalen Sailor`s Wake, Tor Steinar Fromreide seier m.a.:
" Gruppas medlemmer er svært dyktige soloutøvere med solid tradisjonsbevissthet. I tillegg får de fram i samspillet et spennede, utradisjonelt lydbilde. Folk var et av høydepunktene på intimkonsertene i Kroa på Nordsjøfetsivalen Sailor`s Wake 2001"