Regjeringa vil leggje om den offentlige konsertverksemda ved Rikskonsertane i si noverande form. Dette gjeld berre 300 av dei totalt 10 000 konsertane i Rikskonsertane.
Målet er å leggje betre til rette for at musikarar kan turnere i heile landet, styrkje lokale arrangørar i tillegg til å konsentrere verksemda til mindre stader og andre arenaer, til dømes arbeidsplassar. Det er også eit mål å nå ut med offentlege konserttilbod til ungdom i større grad enn i dag.
Regjeringa ønskjer ei breiare geografisk spreiing av konsertverksemda, mellom anna ved å leggje til rette for støtte til fleire mindre konserttilbod, også på stader som ikkje har eit sterkt arrangørnettverk i dag.
Midlane til den offentlege konsertverksemda i Rikskonsertane skal omdisponerast til styrking av musikar- og arrangørstøtta under Norsk kulturråd og til meir desentraliserte konsertformer i Rikskonsertane: Musikarordninga skal utvidast til å femne om alle musikksjangrar og bidra til turnear i fleire delar av landet.
Styrking av arrangørordninga vil bidra til å styrkje fleire gode konsertarrangørar lokalt. Delar av midlane blir igjen i Rikskonsertane til kombinasjonskonsertar med utgangspunkt i skolekonsertverksemda.
Dette inneber at musikarane som allereie turnerer rundt i landet gjennom skolekonsertordninga, også held konserter på kvelden og på andre arenaer, til dømes arbeidsplassar.
Stortingsmeldinga om kultur og inkludering vil gjere nærmare greie for omlegginga.
Dette er ei pressemelding frå Kulturdepartementet, som òg kan lesast her. Rikskonsertenes reaksjon på omlegginga finn interesserte på denne sida.